Spiranthes romanzoffiana
Spiranthes romanzoffiana | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Spiranthes | ||
Art: | S. romanzoffiana | ||
Vitskapleg namn | |||
Spiranthes romanzoffiana
Cham.
| |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik fuktig eng | ||
Utbreiing: | Dei britiske øyane, Nord-Amerika |
Spiranthes romanzoffiana er ei plante i skrueaksslekta Spiranthes i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Arten veks ikkje i Noreg.
Systematikk
endreDei nye funna i Nederland kan reknast til to ulike varietetar:[1]
- S. romanzoffiana var. gemmipara (Sm.) Kreutz & M.H.Schot
- S. romanzoffiana var. stricta (Rydb.) Druce
Utbreiing
endreArten finst i Europa berre på Dei britiske øyane og i Nederland, men er elles utbreidd i Nord-Amerika.[2][3]
S. romanzoffiana (engelsk namn: «irish lady's-tresses») veks heilt vest i Storbritannia og i Irland, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[4] I den britiske raudlista har arten status som livskraftig (LC).[5] Lokalt er han regionalt utdøydd (RE) i England (sist funne i 1994),[6] men livskraftig (LC) i Skottland.[7] Arten vart oppdaga i Wales i 2019.[5] I Irland er arten verna gjennom forskrifta Flora (Protection) Order, 2015.[8] På den irske raudlista har han status som nær truga (NT),[9] og det er laga ein eigen aksjonsplan for arten.[10]
I 2014 dukka arten (nederlandsk namn groene schroeforchis) opp i Nederland aust for Breda, det første funnet av arten på det europeiske fastlandet. Han dukka òg opp att året etter.[1][3]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 C.A.J. Kreutz mfl. (2016). «Schroeforchis (Spiranthes Rich.) in Nederland». Gorteria Dutch Botanical Archives 38 (3/4/5): 86-157. ISSN 0017-2294.
- ↑ «PoWO: Spiranthes romanzoffiana». Plants of the World Online. Henta 23. januar 2024.
- ↑ 3,0 3,1 «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Spiranthes romanzoffiana». FLORON. Henta 23. januar 2024.
- ↑ «UK Biodiversity Action Plan» (PDF). Joint Nature Conservation Committee. 2007. Henta 9. mars 2022.
- ↑ 5,0 5,1 «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «S.I. No. 356/2015 - Flora (Protection) Order, 2015.». Irish Statute Book. 2015. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «All Ireland Species Action Plans» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2005. s. 1–7. Henta 26. oktober 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Spiranthes romanzoffiana hos Artsdatabanken
- (en) Spiranthes romanzoffiana i Encyclopedia of Life
- (en) Spiranthes romanzoffiana i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Spiranthes romanzoffiana hos ITIS
- (en) Spiranthes romanzoffiana hos NCBI
- (en) Spiranthes romanzoffiana hos The International Plant Names Index
- (en) Spiranthes romanzoffiana hos Tropicos
- (en) Kategori:Spiranthes romanzoffiana – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Spiranthes romanzoffiana – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Spiranthes romanzoffiana – detaljert informasjon på Wikispecies