Fon (fon fon gbè, uttalt [fɔ̃̄ɡ͡bè][fɔ̃̄ɡ͡bè]) er eit gbe-språk i kwa-gruppa av voltakongo-språk i niger-kongofamilien. Fon blir snakka av 1 435 000 av fonfolket, av dei bur 1,4 millionar i Benin og resten i Togo. Til liks med andre gbe-språk er fon eit isolerande SVO-språk.

Fon
Klassifisering Atlantisk
 Voltakongo
  Kwa
   Gbe
Bruk
Tala i  Benin
 Togo
Språkkodar
ISO 639-2 fon
ISO 639-3 fon


Fon blir snakka i området merka med lilla.

«Velkommen» (kwabɔ) på eit skilt framfor eit apotek i Cadjehoun lufthamn.

Fonologi endre

Fon har fjorten vokalfonem, fordelt på sju orale og sju nasale vokalar.

Vokalfonema i fon[1]
Fremre Midtre Bakre
Trong i ĩ u ũ
Halvtrong e o õ
Halvopen ɛ ɛ̃ ɔ ɔ̃
Open a ã

Sjølv om /ẽ/ og /õ/ er eigne fonem blir dei alltid realiserte som [ɛ̃] og og [ɔ̃].

Kjelder endre

  1. Claire Lefebvre og Anne-Marie Brousseau (2002). A Grammar of Fongbe. Walter de Gruyter. s. 15–29. ISBN 3110173603.