Kvadrat

(Omdirigert frå Square)

Eit kvadrat er ein rettvinkla firkant der alle sidene er like lange.

Mi-masu, fleire kvadrat inni kvarandre, blir brukt som slektsvåpen av ein japansk familie.

For å finna flatevidda til kvadratet kan ein ganske enkelt ganga lengda til sidene med kvarandre, s2. Omkrinsen er fire gonger lengda til ei side.

Kvadratet er ei særform av rektangel, rombe og parallellogram.

Adjektivet kvadratisk vert nytta om noko som har form som eit kvadrat eller som er av andre grad. Dette kan vere ei kvadratisk likning (eller eit polynom), som er ei andregradslikning. På same vis er ei kvadratisk kurve ei andregradskurve.

Som forstaving føre ei måleining for lengd, vert resultatet ei måleining for areal lik eit kvadrat med sider lik lengdeeininga. I SI-systemet er måleininga for areal kvadratmeter, m², og svarar til eit kvadrat med sider som er 1 meter lange. Ein kvadratcentimeter, cm², er lik 10–4 m2, ein kvadratkilometer, km2, er lik 106 m2, medan ein kvadratfot, ft2, er lik 9,2903 dm2 (britisk) eller 9,843 dm2 (gammal norsk fot).

Kjelder

endre
  • Holtebekk, Trygve. (2009, 14. februar). Kvadrat . I Store norske leksikon. Henta 12. november 2013 frå http://snl.no/kvadrat-.