Stønesbotn
fjord i Senja i Troms
Stønesbotn (samisk Stohpovuotna) er ein fjordarm av Malangsfjorden på austsida av Senja i Senja kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 9 km sørvestover til Elveland i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Gamneset i vest og Storvikneset i aust. Bygda Botnhamn litt på vestsida av fjorden, like ved innløpet, og frå her går det ferje ut fjorden, over Malangen og til Brennsholmen på Kvaløya. Galnslåtta er ei grend på vestsida nesten inst i fjorden.
Riksveg 862 går langs vestsida av fjorden til Botnhamn. Frå her og vidare ut fjorden går Fv274. Inst i fjorden går Riksveg 861.