St. Helena, Ascension og Tristan da Cunha
St. Helena, Ascension og Tristan da Cunha er eit britisk oversjøisk territorium som består av øyane St. Helena, Ascension og øygruppa Tristan da Cunha.[1] Ascension og Tristan da Cunha var underlagt St. Helena fram til 1. september 2009, då ei ny grunnlov tok kraft som gav dei tre områda jamstilt status innanfor territoriet.
Flagg | Våpen |
Status | Britisk oversjøisk territorium |
---|---|
Kong Guvernør Administrator for Ascension Administrator for Tristan da Cunha |
Charles III Nigel Phillips Simon Minshull Philip Kendall |
Hovudstad | Jamestown |
Offisielt språk | Engelsk |
Areal - % vatn |
420 km² ubetydeleg |
Folketal - totalt |
ca. 5661 (2008) |
Verdsdel | Atlanterhavet |
Internet-domene | .sh og .ac |
Tidssone | UTC +0 |
Internasjonal telefonkode | +290, +247 |
Nasjonalsong | God Save the King |
Administrativt og geografisk er territoriet inndelt i tre delar som blir styrt av kvart sitt råd. Guvernøren for territoriet styrer det lovgjevande rådet for St. Helena, medan hen må representerast av ein administrator kvar på Ascension og Tristan da Cunha, som styrer øyråda på desse stadene.
Kjelder
endre- ↑ Saint Helena, Ascension, and Tristan da Cunha, CIA World Factbook
- Denne artikkelen byggjer på «St. Helena, Ascension og Tristan da Cunha» frå Wikipedia på bokmål, den 8. april 2012.