St. Helena er eit britisk oversjøisk territorium i Atlanterhavet. Øya er frå 2009 ein del av eininga St. Helena, Ascension og Tristan da Cunha. Hovudstaden er Jamestown. I underkant av 3000 menneske bur på øya St. Helena.

Saint Helena
Flagg
Flagg
Våpen
Våpen
Flagg Våpen
St. Helena på verdskartet
St. Helena på verdskartet
Status Britisk oversjøisk territorium
Dronning
Guvernør
Elizabeth II
Mark Andrew Capes
Hovudstad Jamestown
Offisielt språk Engelsk
Areal

- % vatn

122 km²

ubetydeleg

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 4534[1] (2016)
ca. 35/km²

Verdsdel Atlanterhavet
Internet-domene .sh
Tidssone UTC +0
Internasjonal telefonkode +290
Nasjonalsong God Save The Queen
NASA-fotografi av St. Helena, teke den 7. mai 2009.

Historie endre

St. Helena vart truleg oppdaga av den portugisiske sjøfararen João da Nova i 1502. Øya var ikkje folkesett ved oppdaginga. Portugisarane bygde eit kapell og eit par hus på øya, og opp kalla henne opp etter keisarinne Helena av Konstantinopel. Etter nokre tiår gjorde korkje portugisarane eller andre sjømakter gjorde noko krav på øya.

I 1657 gav Oliver Cromwell Det britiske austindiske kompaniet eit skøyte om å forpakta St. Helena. Den fyrste britiske guvernøren la til på øya i 1659. Då ein gjeninnførte monarkiet i England året etter, fekk austindiakompaniet einerett til å kolonisera øya. Britane bygde deretter eit fort som fekk namnet James Fort, og busetnaden fekk namnet Jamestown etter hertugen av York, som skulle bli James II av England.

Med tida tok øya til å få problem med avskoging, skadedyr, turke og erosjon grunna overdriven utnytting av naturressursane på St. Helena. Øya vart vitja av både oppdagaren James Cook og astronomen Edmond Halley. Halley sette opp eit observatorium med eit teleskop på øya i 1676. I 1723 registrerte ein 1110 fastbuande på øya, inkludert 610 slavar. Det vart forbode å importera slavar til St. Helena i 1792. I staden innførte ein kinesiske arbeidarar frå og med 1810. Under folketeljinga i 1814 budde det 3507 menneske på øya.

I oktober 1815 vart Napoleon Bonaparte forvist til St. Helena, der han døydde i Longwood House i 1821. Longwood House og områda rundt vart gjort til fransk eigedom av Napoleon III i 1858, noko det framleis er den dag i dag.

I 1817 vart det halde ny folketeljing, der ein registrerte 821 kvite fastbuande, ein garnison på 820 menn, 618 kinesiske arbeidsfolk, 500 frie svarte og 1,540 slavar. Den gradvise frigjeringa av slavane starta ikkje før i 1827. 6 år seinare vart slaveriet forbode i alle britiske koloniar. I 1833 gjekk St. Helena frå å vera underlagt austindiakompaniet til å vera direkte underlagt den britiske krona; øya fekk altså status som kronkoloni. Utover 1800-talet vart hamna på St. Helena stadig mindre viktig, men såkalla "frigjorte slavar" vart plasserte på øya og mange boerar vart haldne i fangenskap her. Folketalet på St. Helena nådde heile 9850 menneske i 1901, det høgaste folketalet her nokonsinne.

I 1922 vart øya Ascension underlagt St. Helena, og i 1938 skjedde det same med øygruppa Tristan da Cunha. Dette varte til 2009, då dei tre britiske territoria fekk jamstilt makt i den nye administrative eininga St. Helena, Ascension og Tristan da Cunha.

Kjelder endre

  1. «Census 2016 – summary report» (PDF). St Helena Government. Arkivert frå originalen (PDF) 17. oktober 2016. Henta 21. september 2016.