St. Olav videregående skole i Stavanger

St. Olav vidaregåande skule er ein vidaregåande skule i Stavanger. Han er den største i regionen innanfor studiespesialisering. Skulen tilbyr òg International Baccalaureate. Skulen har plass til 800 elevar, noko som gjer han til ein stor skule i norsk samanheng. Rektoren er Karl Roar Vigmostad.[1] Opptak av nye elevar krev eit høgt karaktersnitt, samanlikna med andre vidaregåande skular i regionen.[2] I 2021 hadde St. Olav ei poenggrense på 45,3.[3] Skulen ligg sentralt i Stavanger, og samlar elevar frå heile Sør-Rogaland.

St. Olav videregående skole
MottoÅpne dører mot verden
Opne dører mot verda
Org.nummer974624443
Grunnlagd1921
Region/fylkeRogaland
KommuneStavanger
AdresseJens Zetlitz gate 33
RektorKarl Roar Vigmostad
Elevar800
Nettstadhttps://www.st-olav.vgs.no/
Kart
St. Olav videregående skole i Stavanger
58°58′02″N 5°43′29″E / 58.967203°N 5.72482111°E / 58.967203; 5.72482111

Soge endre

Skulen vart skipa saman i 1921, då som Stavanger handelsgymnasium. I 1960-åra vart Stavanger handelsskule skild ut som ein eigen skule, likevel heldt begge skulane til i same bygg. Etter namnereforma i 1976 skifta handelsskulen namn til Ledaal vidaregåande skule, medan Stavanger handelsgymnasium vart heitande St. Olav vidaregåande skule. Skulane vart slått saman att i 1996, og beheldt namnet St. Olav.[4]

St.Olav har òg tilbode yrkesfaget Service og Samferdsel, som vart flytta til Jåttå vidaregåande skule i 2011, dermed vart skulen ei rein studiespesialisering og IB-skule.

Kjelder endre

  1. «Mats Bryne / AnsatteStOlavVgs / LDAP / Users - St. Olav» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 29. september 2017. Henta 28. september 2017. 
  2. «Poenggrense ved inntak til videregående skoler 2019/2020» (PDF). Vilbli.no. 2019. Arkivert frå originalen (PDF) 17. juni 2020. Henta 17. juni 2020. 
  3. Holterman, Sonja (15. juli 2016). «Elevene må ha nesten fem i snitt for å komme inn på de beste videregående skolene» (på norsk bokmål). Henta 24. desember 2021. 
  4. Bjørnsen, Anders, «Skolens historie - St. Olav videregående skole», www.st-olav.vgs.no (på norsk bokmål), henta 1. november 2022 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: St. Olav videregående skole i Stavanger