Stabben fyrstasjon
(Omdirigert frå Stabben fyr)
Stabben fyrstasjon er eit leifyr som ligg på holmen Stabben ved innseglinga til Florø i Kinn kommune i Vestland.
![]() | |
Fylke | Vestland |
---|---|
Kommune | Kinn kommune |
Funksjon | Leifyr |
Oppretta | 1867 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Fyrtårn | |
Høgd | 15,6 |
Form | Fyrbygning med tårn med indirekte belysning |
Byggjemateriale | Murstein |
Fyrlys | |
Lyskarakter | Tre okkulterande glimt kvart 10. sekund |
Lyshøgd | 16,2 moh. |
Lysvidde | 13 nm |
Status | |
Eigar | Staten ved Kystverket |
Automatisert | 1975 |
Avfolka | 1975 |
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne |
![]() Stabben fyrstasjon | |

Fyret vart sett i drift i 1867. Fyrbygningen er lafta og står på ein høg gråsteinsmur og har eit lågt taktårn. Tårnet vart bygd høgare i 1905 og det vart då sett inn eit 4. ordens linseapparat som framleis er i bruk. Fyrstasjonen består av sjølve fyrbygningen, eit naust og ein landing som ligg tett samla på den vesle holmen. I 1975 vart fyret automatisert og avbemanna.
Stabben fyrstasjon er eit av dei mest særprega fyrstasjonen i landet og bygningane dekkjer nesten heile holmen. På grunn av dette er fyrstasjonen freda etter lov om kulturminne.
Sjå òg Endra
Kjelder Endra
- «Norsk fyrliste 2008 - side 269» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- «Stabben fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
- Stabben fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren