Stalbridge er ein liten by i Blackmore Vale i Dorset i England, nær grensa til Somerset.

Stalbridge

St Mary's-kyrkja
St Mary's-kyrkja
St Mary's-kyrkja
Plassering
Stalbridge is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Dorset
Distrikt North Dorset
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

2 579
Koordinatar 50°58′N 2°23′W / 50.967°N 2.383°W / 50.967; -2.383
Diverse annan informasjon
Postnummer DT10
Telefon-retningsnummer 0 1963
Commons har multimedium som gjeld: Stalbridge

Den eldste kjende busetjinga på staden var i romersk tid. Byen fekk marknadsrettar under Georg I (17141727), men det er mange år sidan det vart halde regelmessige marknader der. Det ti meter høge marknadskrossen i sentrum blir rekna som ein av dei finaste i landet. Soknekyrkja er frå 1400-talet, med eit tårn frå 1800-talet.

Blant kjende personar frå Stalbridge finn ein Robert Boyle, som åtte Stalbridge Manor, og forfattaren Douglas Adams. Store delar av Haikerens guide til galaksen vart skriven i byen, og Adams har òg sunge i kyrkjekoret som ung gut.

Kunstnaren sir James Thornhill budde i Thornhill Park, rett sør for byen. Han kjøpte eigedomen i 1725. To år seinare reiste han ein obelisk i parken til ære for Georg II.

Kjelder endre