StarCraft
StarCraft er eit sanntids strategispel laga av Blizzard Entertainment og er det første produktet i StarCraft serien. Spelte vart først utgjeve for Microsoft Windows i 1998, kom til Mac i 1999 og ein fylgde seinare opp med ein port til Nintendo 64 i 2000. Historia i spelet følgjer ein krig mellom tre typar vesen i galaksen — «Terran» som er nomadiske og har eit jordisk opphav, insekta «Zerg» som er leia av eit oversinn og «Protoss» som er humanoide skapningar med «psioniske» evner.
Starcraft | |||
| |||
Utviklar(ar) | Blizzard Entertainment | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Sierra Entertainment, Blizzard Entertainment, Nintendo | ||
Distributør | Battle.net | ||
Design(ar) | James Phinney Chris Metzen | ||
Komponist(ar) | Tracy W. Bush | ||
Serie | Starcraft-serien | ||
Siste versjon | 1.18.1.1396 | ||
Plattform(er) | Nintendo 64, macOS, Microsoft Windows, Klassisk MacOS | ||
Utgjeving | Windows: April 01, 1998
Mac OS: March 1999 Nintendo 64: June 13, 2000 | ||
Sjanger | Sanntids strategispel | ||
Spelemodus | Enkelt og fleirspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 16 | ||
Versjon | 1.15.1 (2007-08-20) | ||
Medium | CD-rom, Nintendo 64 kort | ||
Nettstad | http://us.blizzard.com/en-us/games/sc/, https://starcraft.com/es-mx/, https://starcraft.com/ru-ru | ||
Del av serien StarCraft⠀ | |||
Starcraft II→ |
StarCraft vart det spelet som selde mest i 1998 [1] og vann Origins prisen for det beste strategispelet for det året.[2] På IGN «Top 100 Games of All Time» kom StarCraft på sjuande plass. I 2006 fekk spelet ei stjerne på Walk of Game i Metreon i San Francisco. Spelet er spesielt populært i Sør-Korea, der ein har ein profesjonalisert liga med spelarar og lag som får sponsoravtaler og vert vist på TV under turneringane.[3] StarCraft har seld 9.5 million kopiar på verdsbasis, ved mai 2007,[4][5] 4,5 millionar av desse vart selde i Sør-Korea.[4]
Blizzard ville først fortsette spelserien med den taktiske skytaren StarCraft: Ghost, men ein sette etterkvart dette prosjektet til sides. Oppfølgjaren StarCraft II vart meldt på eit større Blizzard stemne i Sør Korea mai 2007.
Spelet sin gang
endreStarcraft fokuserer på tilgangen og kontrollen av ressursane mineral og gass. Arbeidarar kan hauste desse ressursane. Mineral vert vist som blå krystallformasjonar som stig opp av bakken og krevst for å bygge alle normale einingar og bygg. Gassen vert vist som ein geysir med grøne skyer som stig opp frå denne. Før ein arbeidar kan hauste gass må eitt raffineri byggast over geysiren. Alle oppgraderingar og avanserte einingar krev denne gassen.
Eininga som er arbeidar let spelaren sette opp bygg. Nokre bygg, som brakka til Terran, let ein bygge fleire einingar. Andre, som akademiet til Terran, kan la spelaren sine einingar bli oppgraderte, gjere meir avanserte bygg og einingar tilgjengelege.
Alle einingar krev ein fastsett sum med forråd, enten i form av husvære, psioniske anker eller minnekontroll. Dette er ein tredje ressurs som ein kan skape ved å bygge den sjølv. Grensa av forråd avgjer kor mange einingar du kan ha i spelet om gongen, om ein då ikkje bygge meir forråd. Den vanlege maksgrensa i Starcraft er to hundre per spelar, noko som avgrensar talet einingar i spelet.
Dei einingane som er tilgjengeleg for kvar art viser dei forskjellige veremåtane deira. Protoss har sterke og dyre krigarar og maskineri. Zerg brukar eit overveldande antal av raske krigarar. Terran er fleksible, og bruker sårbare einingar med kraftig skytemakt som er spesielt gode i formasjonar. Ingen av artane har eit spesielt overtak på den andre. Denne balansen imellom dei har vore under utvikling igjennom nye oppdateringar for spelet.
Nøkkelen til siger ligg i kontroll av ressursane, utviding til nye område med ressursar og effektiv bruk av offensive og defensive taktikkar. For å vere ein framståande spelar, må ein utvikle evna til å gjere både mikro og makrostyring på same tid. Mikrostyring inkluderer å røre einingane inn i bestemte formasjonar og manøvrere dei på kartet eller i kamp. Det er fleire forskjellige kombinasjonar av evner og typar einingar ein kan bruke.
Mottaking
endreStarCraft blei det bestseljande PC-spelet i 1998, året det kom ut. Det neste tiåret selte spelet over 9,5 million kopiar over heile verda, der 4,5 av desse vart selt i Sør-Korea. Det fekk veldig gode tilbakemeldingar, og GameSpot kalla spelet det beste nokon gong. På GameRankings ligg spelet på 93%, medan det ligg på 88% på Metacritic.
Nintendo 64-versjonen av spelet fekk ikkje like god mottaking.
Merchandise
endreDet har blitt skrevet mange romanar basert på StarCraft. Den fyrste romanen, Uprising , som blei skriven av Blizzard-tilsett Micky Neilson og publisert i desember 2000, handlar om hendingane før Starcraft. Andre romanar slik som Libertys Crusade av Jeff Grubb og Aaron Rosenberg Queen of Blades gjenforteljar historia i spelet frå ulike perspektiv.
Det er òg laga mange actionfigurar med karakterar frå spelet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «StarCraft» frå Wikipedia på engelsk, den 15. januar 2008.
Fotnotar
endre- ↑ «StarCraft Named #1 Seller in 1998». IGN. 20. januar 1999. Henta 19. august 2006.
- ↑ «The Academy of Adventure Gaming Arts and Design». Game Manufacterers Association. 1. januar 1998. Henta 1. august 2007.[daud lenkje]
- ↑ Cho, Kevin (15. januar 2006). «Samsung, SK Telecom, Shinhan Sponsor South Korean Alien Killers». Bloomberg.com. Henta 18. august 2006.
- ↑ 4,0 4,1 Olsen, Kelly (21. mai 2007). «South Korean gamers get a sneak peek at 'StarCraft II'». USA Today. Henta 9. januar 2008.
- ↑ Schiesel, Seth (21. mai 2007). «To the Glee of South Korean Fans, a Game's Sequel Is Announced». New York Times. Henta 9. januar 2008.
Bakgrunnsstoff
endre- Utgjevaren si StarCraft side Arkivert 2007-08-13 ved Wayback Machine. hos Blizzard Entertainment.
- StarCraft kompendiet hos Battle.net