Statsarkivet i Kongsberg

Statsarkivet i Kongsberg, Frogs vei 44, er ein del av Arkivverket og har fylka Buskerud, Vestfold og Telemark som embetsdistrikt. Statsarkivet i Kongsberg er eit av åtte statsarkiv og blei oppretta i 1994 og er dermed det yngste statsarkivet i landet.

Arbeidsoppgåver i Statsarkivet endre

Statsarkivet i Kongsberg tek imot og gjer tilgjengeleg arkivmateriale frå den lokale og regionale statlege forvaltinga i distriktet sitt. Statsarkivet har ansvar med å føre tilsyn med arkivtilhøva i offentleg forvalting og i den kommunale sektoren. Dei hjelper òg til med rettleiing og gir råd. Ei viktig oppgåve er å spreia informasjon og kunnskap om arkivet og arkivmaterialet dei oppbevarer. Statsarkivet arbeider også for å ta vare på verneverdige private arkiv. Alt i alt utgjer arkiva ved Statsarkivet i Kongsberg i overkant av 14 000 hyllemeter.

Statsarkivarar i Kongsberg endre

Arkiv endre

Statsarkivet i Kongsberg har fire bidrag på lista over Noregs dokumentarv:

  • Andebu kyrkjebok (1623–1738), den eldste kyrkjeboka i landet
  • Arkivet etter Telemarkskanalene (1854–1980)
  • Arkivet etter Kongsberg Våpenfabrikk (1824–1987)
  • Arkivet etter Larvik grevskap (1671–1821)

Publikasjonar endre

  • Statsarkivet i Kongsberg. Dokumentene forteller (Riksarkivaren, skriftserie 26, 2006)

Bakgrunnsmateriale endre