Statsforvaltar

embetsmann i Noreg

Statsforvaltaren (statsforvaltarembetet) fungerer som staten sin forlengde arm, og er eit upolitisk forvaltings- og tilsynsorgan på regionalt nivå i Noreg. Embetet utøver dei høgste sivile forvaltingsoppgåvene i eit fylke på vegner av den norske stat.[1]

Statsforvaltaren
Statsforvalteren.svg
Tidlegare namnFylkesmannen
Skipa1. januar 1919
Nettstadhttps://www.statsforvalteren.no/

OrganiseringEndra

Statsforvaltarembetet vert leia av ein statsforvaltar. Statsforvaltaren vert tilsett av regjeringa, og som regjeringa sin fremste representant i fylket skal han sjå til at vedtak sette av sentraladministrasjonen (Stortings- og regjeringsvedtak) vert gjennomførte i fylket.[2] Under statsforvaltaren har ein ulike avdelingsdirektørar som har ansvar for kvart sitt fagområde.[3]

OppgåverEndra

Statsforvaltaren, med administrasjonen, har oppgåver og tilsyn innanfor:

  • Landbruk
  • Miljøvern
  • Utdanning
  • Samfunn
  • Helse, sosial og barnevern
  • Beredskap (samfunnstryggleik)

Statsforvaltaren skal òg kontrollere kommunale budsjett og låneopptak i kommunane, og skal vidare handsame klagar på fylkeskommunale og kommunale vedtak.

Statsforvaltarembetet skal i tillegg samordna statlege etatar i fylket under ei krise,[4] men òg elles.

Kvart fylke har sin statsforvaltar, med unntak av Oslo og Viken som har ein sams. Det er dermed ti statsforvaltarar i Noreg.

HistorieEndra

Statsforvaltarembetet har røter attende til ordninga med sysselmenn i mellomalderen. I 1662, under eineveldet i Danmark-Noreg, vart len og syssel avløyste av amt, og dermed oppstod amtsnemninga. I 1919 skifta så amta namn til fylke, og amtmannen vart til fylkesmann. Reforma av 1975, som tredde i kraft frå 1976, skilde fylkesmannen frå fylkeskommunen, han vart dermed ein eigen forvaltingsinstitusjon.[5] I 2020 vart embetet omdøypt til statsforvaltar.[6][7]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Hansen, Tore; Tjernshaugen, Andreas (22. juni 2022). «statsforvalter». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «Instruks for statsforvaltere - Lovdata», lovdata.no, henta 28. oktober 2022 
  3. «Kontakt oss», Statsforvalteren i Oslo og Viken (på norsk bokmål), henta 28. oktober 2022 
  4. «Krisehåndtering og samordning», Statsforvalteren.no (på norsk bokmål), henta 28. oktober 2022 
  5. «Historia om statsforvalteren», Statsforvalteren.no (på norsk bokmål), henta 27. oktober 2022 
  6. «Fylkesmannen blir statsforvaltaren». Regjeringa.no. Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 26. oktober 2020. Henta 1. januar 2021. 
  7. «Endring av navn på fylkesmannsembetene fra fylkesmann til statsforvalter - Lovdata», lovdata.no, henta 28. oktober 2022 

BakgrunnsstoffEndra