Wilhelm Sorteberg (1950)
Arne Wilhelm Sorteberg (fødd 24. juni 1950) er ein norsk medisinar og tidlegare friidrettsutøvar. Han vann 7 NM-gull i stavhopp i åra 1969–1978, og sette fleire noregsrekordar.[1]
Wilhelm Sorteberg | |||
Fødd | 24. juni 1950 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | friidrettsutøvar |
Bakgrunn
endreWilhelm Sorteberg er soneson til Wilhelm W. Sorteberg. Foreldra hans var Asbjørn Sorteberg (1911-1991), tilsett ved Landbrukshøgskulen på Ås, og Agnes f. Dyrnes frå Smøla.[2]
Han er gift med Angelika Sorteberg, som også er lege, og dei to har samarbeidd om fleire forskingsprosjekt.[3]
Idrettskarriere
endreSorteberg representerte Ås IL og Kamp-Vestheim.
Han sette noregsrekord i stavhopp på 4,82 i 1973, forbetra til 4,85 same året. I 1975 sette han ny rekord med 4,90, før han braut femmetersgrensa med 5,01 i 1976. Den forbetra rekorden på 5,05 sett seinare det året blei ståande fram til 1989, då Trond Barthel sette ny rekord på 5,10.[4]
- NM-medaljar
Plassering | Grein | År |
---|---|---|
Gull | Stav | 1969, 1970, 1973, 1974, 1976, 1977, 1978 |
Bronse | Stav | 1972 |
Medisinsk karriere
endreSorteberg tok doktorgrad i medisin i 1993 med avhandlinga Methodological and technical advances in transcranial Doppler ultrasonography.[5] Han har seinare gjeve ut ei rekkje vitskaplege artiklar. I 2015 fekk han Monrad Krohns hederspris for forskinga si på blodgjennomstrøyminga i hjernen.[3]
Han er seksjonsoverlege ved Oslo universitetssykehus.[6]
Referansar
endre- ↑ friidrett.no: NM Stav menn. Arkivert 2017-08-16 ved Wayback Machine.
- ↑ Gards-og ættesoge for Vestsmøla.
- ↑ 3,0 3,1 «Pris for hjerneforskning», Dagens Medicin (på norsk), arkivert frå originalen 7. september 2021, henta 7. september 2021
- ↑ «Rekordenes Utvikling/Progression of the Records Men». Norges Friidrettsforbund, Statistikk-og Rekordutvalget. 1.1.2015. Henta 7. september 2021.
- ↑ «Doktorgrader ved Det medisinske fakultet august 1989–juni 2014» (PDF). Michael. 2014.
- ↑ «OUH - Group members», www.ous-research.no (på engelsk), henta 7. september 2021
- Denne artikkelen bygger på «Wilhelm Sorteberg (friidrettsutøver)» frå Wikipedia på bokmål, den 5. september 2021.
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Wilhelm Sorteberg (1950) i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin