Trond Barthel (fødd 11. september 1970) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Gjøvik som tevla i stavhopp og var norsk rekordhaldar i øvinga frå 1989 til 2018, den siste rekorden frå 1996 var på 5,72 meter. Med sine 11 NM-gull er han ein av dei friidrettsutøvarane som har vunne flest norske meisterskap i ei øving. Einast Jim Svenøy med 12 og Mette Bergmann med 17 har teke fleire NM-titlar på rad i same øving. Barthel var medlem av Gjøvik Friidrettsklubb.

Trond Barthel
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. september 1970 (53 år)
Gjøvik kommune
Idrett friidrett

Aktiv endre

Barthel gjekk fyrste gongen over 5-meteren i eit stemne på Nesbyen 3. september 1988, ei veke før 18-årsdagen. Frå 1989-sesongen var han Noregs beste stavhoppar i ti år framover. Den 22. mai 1989 på Nadderud stadion i Bærum tok han over som norsk rekordhaldar i stavhopp då han klarde 5,06 meter, ein centimeter over Wilhelm Sorteberg sin 13 år gamle rekord. Sidan den gongen har Barthel halde den norske rekorden i øvinga fram til denne dag. Seinare i 1989 forbetra han rekorden til 5,10 m i Budapest og til 5,20 m under noregsmeisterskapen i Stjørdal.

I 1990 forbetra Barthel noregsrekorden til 5,21 m i Moss, og året etter til 5,30 m på Lillehammer. Forsommaren 1992 la han på til 5,35 m i Oslo og tidleg på hausten til 5,36 m på Hønefoss. Han svinga seg i juli 1993 over 5,40 m i Oslo og over 5,45 m i Tønsberg.

Under EM i friidrett 1994 i Helsinki sette Barthel norsk rekord med 5,50 m, og rauk likevel ut i kvalifiseringa, med knappast mogleg margin. To andre utøvarar kvalifiserte seg til finalen med same høgda, men Barthel hadde fleire riv. Tolv dagar seinare tok Barthel seg over 5,52 m på Jessheim.

Barthel hadde stor framgang i 1995-sesongen og flytta noregsrekorden ved tre høve. Fyrst oppnådde han 5,60 m i Nairobi i mai månad, deretter klarde han 5,65 m i finske Kuortane i juni månad, og til sist gjekk han over 5,70 m under NM på Lillehammer i august månad. Men han var ikkje i nærleiken av å kvalifisere seg til VM-finalen.

Barthel sette sin siste norske rekord i stavhopp på 5,72 meter i svenske Halmstad 21. juli 1996, rekorden stod til den vart sletta av Sondre Guttormsen i august 2018. Våren 1997 enda Barthel som sjuandemann i innandørs-VM, hans beste internasjonale plassering, men det må då seiast at deltakarlista i innandørsmeisterskapane oftast ikkje er på same nivå som i utandørsmeisterskapane. I VM i friidrett 1997 i Aten hadde han marginane på si side og kvalifiserte seg til finalen, der han vart nummer 11.

I sin siste sesong på toppnivå, 1999-sesongen, gjekk Barthel to gongar over 5,65 m tidleg i sesongen og vart norsk meister i stavhopp for ellevte året i rad. Derimot bomma han totalt i kvalifiseringa under friidretts-VM og vart ståande utan teljande resultat.

Medaljar i norske meisterskap endre

  • 1988: Sølvmedalje i stavhopp – 4,70 m, bak Alexander Grelland (4,85 m)
  • 1989: Gullmedalje i stavhopp – 5,20 m, framom Dag Vidar Nielsen (4,80 m)
  • 1990: Gullmedalje i stavhopp – 5,21 m, framom Ronny Øftsås (4,95 m)
  • 1991: Gullmedalje i stavhopp – 5,00 m, framom Atle Hansen (4,80 m)
  • 1992: Gullmedalje i stavhopp – 5,30 m, framom Bjørn M. Moss (4,70 m)
  • 1993: Gullmedalje i stavhopp – 5,45 m, framom Atle Hansen (4,80 m)
  • 1994: Gullmedalje i stavhopp – 5,52 m, framom Benjamin Jensen (5,10 m)
  • 1995: Gullmedalje i stavhopp – 5,70 m, framom Atle Hansen (4,95 m)
  • 1996: Gullmedalje i stavhopp – 5,20 m, framom Ketil Rønneberg (5,00 m)
  • 1997: Gullmedalje i stavhopp – 5,60 m, framom Ketil Rønneberg (5,20 m)
  • 1998: Gullmedalje i stavhopp – 5,60 m, framom Benjamin Jensen (5,05 m)
  • 1999: Gullmedalje i stavhopp – 5,40 m, framom Benjamin Jensen og Ketil Rønneberg (5,20 m)

Kjelder endre