Stavenes fyrstasjon
Stavenes fyrstasjon er eit fyr som ligg nordaust på Averøya og markerer innløpet til Sørsundet og hamna i Kristiansund. Det ligg om lag 3 km nord for Bremsnes.
Foto: Trond Viggo Håpnes | |||
Fylke | Møre og Romsdal | ||
---|---|---|---|
Kommune | Averøy | ||
Funksjon | Leifyr | ||
Oppretta | 1842 | ||
Koordinatar | 63°06.8681′N 7°39.7826′E / 63.1144683°N 7.6630433°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 8,0 | ||
Form | Lyktehus på underbygning | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | 3 okkulterande glimt | ||
Lyshøgd | 21,7 moh. | ||
Lysvidde | 14,3 nm | ||
Status | |||
Automatisert | 1976 | ||
Avfolka | 1976 | ||
Stavenes fyrstasjon 63°06′52″N 7°39′46″E / 63.11444444°N 7.66277778°E | |||
Fyrstasjonen vart tent som leifyr i 1842. Fyrlykta hadde eit 5. ordens fyrapparat og var plassert i eit karnapp på stoveveggen i fyrbygningen.
I åra 1847 til 1854 skal det ha vore mange sterke stormar på Hustadvika og mange sjøfolk skal ha berga seg i land på fyret. Store sjøar skylde over husa og sjøvatn rann ned skorsteinen, medan vindauge vart slått inn.
I 1894 vart det bygd nytt fyrlykthus og lagt inn fleire klipp- og farga sektorar. I 1907 vart det gamle fyrapparatet bytta ut med eit nytt 4. ordens linseapparet.
I 1953 vart det bygd ny bustad ved fyret og det vart elektrifisert med straum frå eige aggregat. I 1976 vart fyrstasjonen automatisert og avbemanna.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Norsk fyrliste 2008 - side 355» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- Bjørkhaug, Birger og Poulsson, Sven. Norges fyr, fra Stad til Grense-Jakobselv Bind 2. Grøndahl & søn forlag A.S 1987
Bakgrunnsstoff
endre- Stavenes fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren