Jaroslav Vladimirovitsj Rybakov (fødd 22. november 1980) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Mogilnov i dåverande Sovjetunionen, i dag i Kviterussland. Han tevla i høgdehopp og vart europameister i øvinga i 2002 og verdsmeister i 2009. I alt vann Rybakov to gull-, tre sølv- og ein bronsemedalje i dei store utandørsmeisterskapane i tida 2001-09. Hans personlege rekord innandørs på 2,38 m er frå 2005.

Jaroslav Rybakov


Statsborgarskap Russland
Fødd 22. november 1980 (43 år)
Mahiljow
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse

Aktiv endre

Rybakov og landsmannen Vjatsjeslav Voronin kom til å dele andreplassen i høgdetevlinga under VM i friidrett 2001 i Edmonton, berre tyskaren Martin Buß var betre enn dei to russarane. Året etter var Rybakov den einaste som klarde å ta seg over 2,31 m ved EM i friidrett 2002 i München, ei tevling som vart avvikla i vått og kjølig vêr.

Hans fremste konkurrent gjennom åra vart svenske Stefan Holm. Svensken, som fekk bronsemedaljen i München-EM, vann innandørs-VM i 2003 føre Rybakov. Ofte gjekk Holm sigrande ut av duellane, men under IAAF sitt avsluttande stemne i Monaco i 2003 vann Rybakov då han hadde færre riv enn Holm.

Som året i førevegen vann Holm innandørs-VM 2004 med Rybakov på sølvplass. Under dei olympiske leikane 2004 i Aten enda Rybakov på sjetteplass med 2,32 m. Trass i at han svinga seg over heile 2,38 m ved innandørs-VM 2005 i Madrid, rakk det ikkje til meir enn sølv, Stefan Holm gjorde sitt livs beste hopp då han lukkast ta seg over 2,40 meter. Ved verdsmeisterskapen i Helsingfors sommaren 2005 vann Rybakov bronsemedaljen, slått av Jurij Krymarenko frå Ukraina og kubanaren Víctor Moya.

I 2006 gjekk Rybakov til topps i høgdehopp i innandørs-VM i Moskva og vart nummer fem i EM 2006 i Göteborg. Året etter vann han sitt tredje VM-sølv med ny personleg rekord utandørs på 2,35 m i verdsmeisterskapen i Osaka. Tre hopparar stoppa på vinnarhøgda 2,35 m. Donald Thomas frå Bahamas vart gullvinnar føre Rybakov, medan Kyriakos Ioannou frå Kypros fekk bronsen. Under sommarleikane i Beijing i 2008 tok Rybakov si fyrste bronsemedalje i ein internasjonal meisterskap, som i VM året før med same høgde som vinnaren.

Rybakovs største triumf kom då han vann gullmedaljen i høgdehopp under friidretts-VM i Berlin i 2009. Han var ein av fire utøvarar som stoppa på 2,32 m. Både han og kyprioten Ioannou lukkast i sine fyrste forsøk på 2,32 m, men Rybakov vann då Ioannou måtte ha tre forsøk på 2,28 m, Rybbakov nøgde seg med to.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre