Stein Herdisson (norrønt: Steinn Herdísarson) var ein islandsk skald som levde omkring midten av 1000-talet.

Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Liv og skaldskap

endre

Stein Herdisson var oldebarn av skalden Einar Skålaglam[Note 1] og dermed ein slektning av skalden Stuv Blinde og hovdingen Ulf Ospaksson (Stallare)[Note 2]. Truleg kom han til Noreg då Magnus den gode var konge. Seinare var han hos kong Harald Hardråde og han var med i slaget ved Niså (Nissan) i 1062, der han var om bord på skipet til frenden sin, Ulf Stallare. Etter at kong Harald fall i England i 1066, var Stein i Noreg på den tida då Olav Kyrre var konge.

Desse dikta av Stein Herdisson er kjende:

Nisåviser[1] – - om førebuingane til slaget ved Niså i 1062, og om sjølve slaget med relativt detaljerte opplysninger.
Ulfsflokk[2] – rest av eit dikt, truleg ei arvedråpa, om Ulf Ospaksson.
Olavsdråpa[3] – om kong Olav Kyrre, om hærferda til England (1066), og om styret til kong Olav i tida etter.
Fragment[4] - eitt vers.

I Skaldatal[5] er Stein Herdisson ført opp som skald hos kong Harald Hardråde, hos kong Magnus den gode og hos Ulf Ospaksson (Stallare). Snorre har nytta dikt av han i Skaldskaparmål[6] i Den yngre Edda.

Det har vore drøfta om skaldekvadet «Rekstefja», ei dråpa til ære for Olav Tryggvason, kan ha blitt dikta av Stein Herdisson, men ein reknar med som mest truleg at dette kvadet er dikta av skalden Hallar-Stein[7].

Kjelder og utfyllande opplysningar

endre

Notar

endre
  1. Stein hadde namn etter mora Herdis (matronym namneskikk). I den islandske landnåmaboka, kafli 32, er det sagt at skalden Einar Skålaglam var far til Torgerd. Ho var mor til Herdis, som var mor til Stein skald. (Einar var faðir Þorgerðar, móður Herdísar, móður Steins skálds)
  2. Ulv Ospaksson var ein islandsk hovding som var nært knytt til kong Harald Hardråde. Han var med til Bysants og kom attende til Noreg, saman med kongen. Han vart gift med Jorunn Torbergsdotter, fekk tittelen «stallare» og hadde store len i Noreg. Snorre fortel at han døydde i 1066, våren før kong Harald la ut på krigsferda til England.

Referansar

endre
  1. Nizarvísur av Stein Herdisson (Skaldic Project)
  2. Úlfsflokkr av Stein Herdisson (Skaldic Project)
  3. Óláfsdrápa av Stein Herdisson (Skaldic Project)
  4. Fragment av Stein Herdisson (Skaldic Project)
  5. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  6. Skaldskaparmål Den yngre Edda
  7. Hallar-Stein (Skaldic Project)

Bakgrunnsstoff

endre