Opna hovudmenyen

SongarenEndra

Stein Ove Berg debuterte offentleg som visesongar i Søndagsposten på NRK radio 1. april 1971. To år seinare gav han ut singelen «Manda morra blues» ei vise som tek opp problem knytte til pendling. «Manda morra blues» låg fem veker på førsteplass på Norsktoppen. Same året gav han ut viseboka «Hestehov og brun beis», den første i ein serie på tre. Året etter gav han ut si første LP-plate, «Kommer nå». Tittelsporet er ei av visene som vart folkeeige etter visebølgja på 1970-talet. Plata Visa di, som kom ut i 1975, fekk han Spellemannprisen for same året.

Tekstene til Stein Ove Berg var ofte sosialrealistiske. «Rollebytte i oppgang A» og «Hva med kona til Andersen på Skarnes» er døme på viser som tar opp kvinnesak, ikkje frå ein feministisk ståstad, men som ein sosialdemokratisk arbeidarsongar. Songen «Ta hverandre i handa og hold» er nærast blitt kanonisert i den norske arbeidarrørsla.

Musikken på plata Egg (1980) har meir preg av country enn visesang. Tema for fleire av songane er havarert samliv - «Hvor er hu som kokte egget mitt for bløtt?».

Men turnélivet førte med seg alkoholbruk og ujamn livsrytme, og Stein Ove Berg fekk problem han hadde vanskeleg for å takle. Tidleg på 1980-talet trekte han seg tilbake frå artistlivet, og ei tid arbeidde han som lærar.

I 1996 stod Stein Ove Berg fram som nyomvend kristen, og han tok seg jobb på Ørjetun evangeliesenter i Drammen.

I 2001 fekk han ein kulturell heiderspris av LO. Året etter kom han tilbake med plata Det jeg skulle ha gitt. Mange av teks­tane bar preg av den kristne trua hans. Kort tid etter at plata kom ut, vart han funnen død i heimen sin i Oslo.

UtmerkingarEndra

DiskografiEndra

SinglarEndra

  • 1973: «Manda' morra blues»/«Visa di», single, med Willy Andresens kvintett
  • 1974: «Visa om deg»/«Rollebytte i oppgang A», single, med Willy Andresens orkester
  • 1984: «Turalu»/«Unger», single

AlbumEndra

  • 1974: Kommer nå, album
  • 1975: Visa di, album
  • 1975: Kniplia Pukkverk, album
  • 1977: La dette bli min sang, album
  • 1978: Når dagen kommer, album
  • 1979: Veiviser, album
  • 1980: Egg, album
  • 1981: Bergtatt, album
  • 2002: Det jeg skulle ha gitt, album

SamlealbumEndra

  • 1982: 20 beste
  • 1995: Årgangsviser

VisebøkerEndra

  • 1973: Hestehov og brun beis
  • 1975: Albumblad
  • 1979: 58 viser

AntologiEndra

  • 1995: Årgangsviser

KjelderEndra