Steinar Tjomsland
Steinar Tjomsland (fødd 23. juli 1948) i Kristiansand er ein norsk jurist og tidlegare dommar i Høgsterett. Han tiltredde som høgsterettsdommar 1. april 1991 og sat fram til 2016.
Steinar Tjomsland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. juli 1948 (76 år) Kristiansand |
Yrke | Høgsterettsdommar |
Steinar Tjomsland tok examen artium på Kristiansand Katedralskole i 1967. Han er cand. jur. frå Universitetet i Oslo frå 1974. Han arbeidde som konsulent, seinare byråsjef i Justisdepartementets lovavdeling frå 1975 til 1981. Han var dommarfullmektig i Lillestrøm frå 1977 til 1979. Han var advokat ved Regjeringsadvokatembetet frå 1981 til 1989, der han fekk møterett for Høgsterett i 1986. Han var deretter assisterande direktør i Norges Bank fram til han blei utnemnd som høgsterettsdommar.
Kjelder
endre- Steinar Tjomsland hos domstol.no, vitja 14. juni 2010