Brennverdi er den energien eit brensel frigjer ved effektiv forbrenning. Fyringsolje har ein brennverdi på om lag 10 kWh/l, trepellets har ein brennverdi på om lag 4,8 kWh/kg.[1]

Brennverdi for ved endre

I praksis er brennverdien for ved av alle treslag ved null prosent fukt er tilnærma lik 5,32 kWh/kg ved. Effektiv brennverdi når virke inneheld fuktigheit finn ein som

 

der   er ein korreksjonsfaktor, med eining kWh/kg, som avheng av fuktigheita i trevirket. Rå nyhogd ved, med 50 % fukt, har brennverdi omkring 2,4 kWh/kg virke, medan heilt tørr ved med 18 % fukt har brennverdi på 4,3 kWh/kg.

Brennverdien per famn eller kubikkmeter vert avhengig av eigenvekta til trevirket og kor tørt virket er.

Ein kubikkmeter tørt trevirke gir[2]

Treslag kg pr. m3 gir Kwh med
16,7 % fukt
Kwh med
20 % fukt
Bøk 570 2460 2347
Eik 550 2374 2265
Ask 550 2374 2265
Alm 540 2330 2225
Lønn 530 2287 2183
Rogn 520 2244 2141
Bjørk 500 2158 2059
Svartor 440 1899 1812
Furu 440 1899 1812
Selje 430 1855 1647
Lind 430 1855 1647
Osp 400 1726 1647
Gran 380 1640 1565
Gråor 360 1554 1482

Sjå også endre

Kjelder endre

  1. Enova-NRK[daud lenkje]
  2. Skogbrukets kursinstitutt (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 23. juni 2013, henta 23. januar 2010