Steinskvettar

slekt av sporvefuglar

Steinskvettar er sporvefuglar av slekta Oenanthe i flugesnapparfamilien. Dei fleste artane har karakteristiske svarte og kvite eller raude og kvite teikningar på overgumpen eller på stjerten. Dei fleste artane syner sterkt kjønnsdimorfisme, berre hannfuglar har dei slåande fjørdraktmønstra som er karakteristiske for slekta, men hoene deler den kvite eller raude flekken på overgumpen.

Steinskvettar
Middelhavssteinskvett, Oenanthe hispanica Foto: Mark S Jobling
Middelhavssteinskvett, Oenanthe hispanica
Foto: Mark S Jobling
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Overfamilie: Muscicapoidea
Familie: Flugesnapparfamilien Muscicapidae
Underfamilie: Saxicolinae
Slekt: Steinskvettar Oenanthe
Vieillot, 1816

Dei vart tidlegare rekna som medlemmer av trastefamilien Turdidae, men er i dag meir vanleg plassert i flugesnapparfamilien Muscicapidae. Dette er ei gruppe i «den gamle verda», men arten steinskvett er no òg etablert i Canada, Grønland og Alaska.

Steinskvettar er jordlevande insektetande fuglar på opent og ofte tørt land. Dei hekkar i fjellsprekker eller i hòler. Nordlege artar er langdistansemigrantar, overvintrar i Afrika.

Artslista

endre

Steinskvettar IOC World Bird List V14.1. 2024,[1] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Steinskvett, Oenanthe oenanthe, Northern Wheatear, (Linnaeus, 1758), (LC)
  • Atlassteinskvett, Oenanthe seebohmi, Atlas Wheatear, (Dixon, 1882), (LC)
  • Beltesteinskvett, Oenanthe pileata, Capped Wheatear, (Gmelin, JF, 1789), (LC)
  • Raudbryststeinskvett, Oenanthe bottae, Buff-breasted Wheatear, (Bonaparte, 1854), (LC)
  • Rustbryststeinskvett , Oenanthe frenata, Rusty-breasted Wheatear, (Heuglin, 1869), (LC)
  • Isabellasteinskvett, Oenanthe isabellina, Isabelline Wheatear, (Temminck, 1829), (LC)
  • Sahelsteinskvett, Oenanthe heuglinii, Heuglin's Wheatear, (Heuglin, 1869), (LC)
  • Munkesteinskvett, Oenanthe monacha, Hooded Wheatear, (Temminck, 1825), (LC)
  • Ørkensteinskvett, Oenanthe deserti, Desert Wheatear, (Temminck, 1825), (LC)
  • Punarsteinskvett, Oenanthe hispanica, Western Black-eared Wheatear, (Linnaeus, 1758), (LC)
  • Svartstrupesteinskvett, Oenanthe pleschanka, Pied Wheatear, (Lepechin, 1770), (LC)
  • Tyrkarsteinskvett, Oenanthe melanoleuca, Eastern Black-eared Wheatear, (Güldenstädt, 1775), ()
  • Kyprossteinskvett, Oenanthe cypriaca, Cyprus Wheatear, (Homeyer, 1885), (LC)
  • Kvitpanneskvett, Oenanthe albifrons, White-fronted Black Chat, (Rüppell, 1837), (LC)
  • Somalisteinskvett, Oenanthe phillipsi, Somali Wheatear, (Shelley, 1885), (LC)
  • Berbersteinskvett, Oenanthe moesta, Red-rumped Wheatear, (Lichtenstein, MHC, 1823), (LC)
  • Svartstjert, Oenanthe melanura, Blackstart, (Temminck, 1824), (LC)
  • Ruststjert, Oenanthe familiaris, Familiar Chat, (Wilkes, 1817), (LC)
  • Brunstjert, Oenanthe scotocerca, Brown-tailed Rock Chat, (Heuglin, 1869), (LC)
  • Afarskvett, Oenanthe dubia, Sombre Rock Chat, (Blundell & Lovat, 1899), (DD)
  • Brunskvett, Oenanthe fusca, Brown Rock Chat, (Blyth, 1851), (LC)
  • Persarsteinskvett, Oenanthe picata, Variable Wheatear, (Blyth, 1847), (LC)
  • Kvitryggsteinskvett, Oenanthe finschii, Finsch's Wheatear, (Heuglin, 1869), (LC)
  • Ravinesteinskvett, Oenanthe halophila, Maghreb Wheatear, (Tristram, 1859), ()
  • Sørgjesteinskvett, Oenanthe lugens, Mourning Wheatear, (Lichtenstein, MHC, 1823), (LC)
  • Basaltsteinskvett, Oenanthe warriae, Basalt Wheatear, Shirihai & Kirwan, 2011, ()
  • Rustgumpsteinskvett, Oenanthe xanthoprymna, Kurdish Wheatear, (Hemprich & Ehrenberg, 1833), (LC)
  • Rusthalesteinskvett, Oenanthe chrysopygia, Red-tailed Wheatear, (de Filippi, 1863), (LC)
  • Kvitkronesteinskvett, Oenanthe leucopyga, White-crowned Wheatear, (Brehm, CL, 1855), (LC)
  • Nonnesteinskvett, Oenanthe albonigra, Hume's Wheatear, (Hume, 1872), (LC)
  • Svartsteinskvett, Oenanthe leucura, Black Wheatear, (Gmelin, JF, 1789), (LC)
  • Wadisteinskvett, Oenanthe lugentoides, Arabian Wheatear, (Seebohm, 1881), (LC)
  • Sotsteinskvett, Oenanthe lugubris, Abyssinian Wheatear, (Rüppell, 1837), (LC)

Kjelder

endre
  1. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2024). «Parrots». IOC World Bird List Version 14.1. International Ornithologists' Union. Henta 4. februar 2024. 
  2. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 8. desember 2023.