Ørkensteinskvett
Ørkensteinskvett (Oenanthe deserti) er ein fugl i flugesnapparfamilien med utbreiing i Afrika og Asia. Ein vestleg populasjon hekkar nord for Sahara og på den nordlege Arabiske halvøya. Ein austleg populasjon lever i halvørken i Sentral-Asia og trekker sørover til Pakistan og Nordaust-Afrika vinterstid.
Ørkensteinskvett | |
Ørkensteinskvetthann | |
Ørkensteinskvetthoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig ██ Hekkeområde ██ Heile året ██ Overvintring | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Flugesnapparfamilien Muscicapidae |
Slekt: | Steinskvettar Oenanthe |
Art: | Ørkensteinskvett O. deserti |
Vitskapleg namn | |
Oenanthe deserti |
Skildring
endreDette er ein insektetar, 14 til 15 centimeter i kroppslengd og vekt på 15 til 34 gram.[1] Ein ganske kompakt steinskvett med stort hovud og kort hals og hale.
Fjørdrakta varierer mykje med kjønn, alder og årstid, men stjerten er i alle fjørdrakter nesten heilsvart i sterk kontrast til den kvite overgumpen. Undersida i alle draktene er lys gulbrun, gradvis mot kvitt bak og ned mot beina.
Vaksne hannar i sommardrakt er kontrastrike med svart strupe og kinn, kvit augebrynstripe, kvite skuldrer; hovud, hals og rygg og bryst er varmt sandfarga. Det svarte område på dekkfjørene av vengene er forlenga til det svarte kinnet. Hoer er langt bleikare enn hannar i hekkedrakta, manglar svarte område bortsett frå halen og flekker på vengene. Utanom hekkesesongen er hoa enda bleikare.
Vaksne av begge kjønn i første vinterdrakter er langt meir kontrastlause i lyse, gråbrune farger, bortsett frå halen og dei mørke nedre vengdekkarane. Unge hoer har òg ei lett augebrynstripe.[2]
Ein finn denne arten i tørre habitat av stepper, ved grusvegar, i utkanten av ørken eller ved tørre, tynnt buskkledde elvebankar. På det indiske subkontinentet kan dei leve i opptil 5100 moh. Føda er virvellause dyr med mange variantar av edderkoppar og insekt inkludert maur på menyen. Dei kan òg ete litt frø.[1]
Ørkensteinskvetten hekkar om våren med kull på 3-6, vanlegvis fire bleikblå, litt flekte egg i eit godt skjult reir laga av gras, mose og stenglar.
- Utbreiing og systematikk
Ørkensteinskvetten inngår i slekta Oenanthe, som saman med raudstjertar, buskskvettar og svartstrupar dannar ei gruppe som nokre gongar blir kategorisert som underfamilie Saxicolinae. Tidlegare vart denne gruppa plassert i trastefamilien (Turdidae), men i dag er dei ofte plassert i flugesnapparfamilien (Muscicapidae). Underartar og utbreiing:[1]
- O. d. deserti hekkar over eit stort asiatisk område som strekkjer seg frå Midt-Austen og Saudi-Arabia gjennom Iran, sørvestlege Pakistan, Afghanistan, den sørlege Kaukasus, Sentral-Asia til nordvestlige Mongolia. Dette er delvis trekkfuglar til Nordaust-Afrika, Den arabiske halvøya, Irak og Pakistan.
- O. d. homochroa hekkar i Nord-Afrika, frå Marokko og Rio de Oro til Egyptens område vest for Nilen. Dette taksonet er delvis standfuglar, men fuglar i sørlege og austlege Marokko trekker sørover til nordlege Sahel.
- O. d. oreophila hekkar i Himalaya, i Tibet og i vestre Kina. Utanom hekkesesongen lever dei i Arabia, sørvestre Asia nordvestre til sentrale India.
Ørkensteinskvett er ein vanleg streiffugl i Nordvest-Europa. I perioden frå år 2000 til 2020 finst det rapportert 25 godkjente observasjonar av ørkensteinskvett i Noreg, dei fleste i Agder og Rogaland.[3]
Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[4]
-
Hannfugl i vinterdrakt
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ökenstenskvätta» frå Wikipedia på svensk, den 25. november 2017.
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Collar, N. (2017) Desert Wheatear (Oenanthe deserti) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 25. november 2017
- ↑ Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820z
- ↑ «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 25. november 2017.
- ↑ BirdLife International (2017) Species factsheet: Oenanthe deserti Arkivert 2016-03-07 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 25. november 2017