Stenungsunds kommun
Stenungsunds kommun er ein kommune i Västra Götalands län i Sverige. Kommunen grensar berre til andre kommunar i Västra Götalands län: Uddevalla kommun i nord, Lilla Edets kommun i nordaust og aust og Kungälvs kommun i søraust og sør. Med kysten imellom grensar han også til øykommunane Tjörns kommun i vest og Orusts kommun i nordvest. Administrasjonssenteret i kommunen er Stenungsund. Kommunen har hatt sterk folkeauke dei siste åra.
Stenungsunds kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Västra Götalands län | ||
Landskap | Bohuslän | ||
Del av | Bohuslän, Q61482568, Q61484076 | ||
Centralort | Stenungsund | ||
Areal | 267,64 km² | ||
• land | 253,54 km² | ||
• vatn | 14,1 km² | ||
Folketal | 23 353 | ||
Folketettleik | 92 / km² | ||
Stenungsunds kommun 58°05′00″N 11°49′00″E / 58.083333333333°N 11.816666666667°E | |||
Kart som viser Stenungsunds kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Stenungsund Municipality | |||
Nettstad: stenungsund.se |
Kommunen er ein del av Stor-Göteborg. Han var lenge mest kjend som ein stad for bading ut mot kysten. I 1950- og 1960-åra vart det bygd opp petrokjemisk industri i tettstaden Stenungsund. Sidan har han har vorte den viktigaste staden i Sverige for produksjon av polyetylen, som vert nytta i samband med produksjon av plastprodukt.
Administrativ historikk
endreOmrådet kommunen utgjer i dag omfattar fem sokn, som vart gjorde til landskommunar i 1863. I Norums landskommun vart Stenungsunds municipalsamhälle oppretta i 1919.
Ved kommunereforma i 1952 vart Norum slått saman med Spekeröd, Ucklum og Ödsmål. Den nye storkommunen fekk namnet Stenungsund. Municipalsamhället vart samtidig oppløyst. Same året vart storkommunen Kode landskommun oppretta av dei tidlegare kommunane Hålta, Jörlanda og Solberga.
Ved kommunereforma i 1971 vart Kode oppløyst og Jörlanda församling overførd til Stenungsunds kommun, medan dei andre forsamlingane gjekk til Kungälvs kommun.
Kommunevåpenet
endreBlasonering: På eit skjold av sølv over ei bølgje i blått, tre svarte sirklar vassrett oppstilte med ein svart streng mellom, kvar og ein og dei med ein raud sirkel over og under, med ein svart streng mellom.[1]
Det som i blasoneringa vart skildra på eit rimeleg komplisert vis, er faktisk ei stilisert framstilling av propenmolekyla. Dette heng saman med kor viktig petrokjemien har vore for kommunen. Våpenet vart registrert i Patent- och registreringsverket i 1977.
Tettstader
endreDet er tolv tettstader i Stenungsunds kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
Nr. | Tettstad | Folketal |
---|---|---|
1. | Stenungsund | 10 067 |
2. | Stora Höga | 2 553 |
3. | Jörlanda | 805 |
4. | Hallerna | 650 |
5. | Ödsmål | 557 |
6. | Starrkärr och Näs | 472 |
7. | Svenshögen | 438 |
8. | Aröd och Timmervik | 341 |
9. | Strandnorum | 334 |
10. | Ucklum | 240 |
11. | Stenungsön | 238 |
12. | Svartehallen | 201 |
Kjelder
endre- «Stenungsunds kommun» på Wikipedia på svensk, innhenta 23. januar 2010.
Referansar
endre- ↑ «I sköld av silver över en av en vågskura bildad blå stam tre bjälkvis ställda genom svarta strängar förenade svarta rundlar, var och en ovan och nedan genom svarta strängar förenad med en röd rundel.».