Stephen Gray

britisk astronom

Stephen Gray (16667. februar 1736) var ein engelsk fysikar og astronom. Han utførte grunnleggjande arbeid innan optikk og elektrisitet. Gray oppdaga skilnaden mellom elektriske isolatorar og leiarar.

Stephen Gray
Fødddesember 1666
Canterbury
Død7. februar 1736
London
NasjonalitetKongeriket Storbritannia
Områdekjemi
Yrkeastronom, fysikar, kjemikar
InstitusjonarUniversity of Cambridge
MedlemRoyal Society

Tidleg liv endre

Gray vart fødd i Canterbury, og vart lært opp av faren sin og eldre bror i farging av klede, men interessa hans var innanfor vitskap og spesielt astronomi, og han lukkast med å utdanne seg sjølv innan desse emna, først og fremst gjennom rike venner som lét han nytte biblioteka deira og instrument. Han laga sine eigne linser og konstruerte sitt eige teleskop, som han gjorde nokre mindre oppdagingar med, ikkje minst når det gjaldt solflekkar, og skaffa seg eit rykte for å gjere nøyaktige observasjonar. Nokre av rapportane hans vart publisert av Royal Society gjennom ein ven, Henry Hunt. Seinare i livet arbeidde han på observatoriet i Cambridge, men på grunn av andre som hadde misskjøtt observatoriet vart Gray tvinga å flytte tilbake til Canterbury for å fortsetje jobbe innan klefargingsbransjen. Han flytta likevel snart til London og var assistent til John Desaguilers, som var seljar for Royal Society.

Seinare i livet vart Gray ramma av fattigdom og fekk gjennom innsats av John Flamsteed og Hans Sloane ein plass på London Charterhouse (eit hus for fattige gentlemen som hadde tent landet sitt). Det var under denne perioden Gray gjorde oppdagingane sine innanfor elektrisitetsleiing.

Oppdagingar endre

I byrjinga eksperimenterte Gray berre med statisk elektrisitet og nytta ein glasstube som friksjonsgenerator. I enden av denne glasstuben hadde han ein kork for å halde fukt ute. Han merkte likevel at korken tiltrekte seg små papirbitar, og dessutan at òg ein pinne som vart sett i korken trekte til seg små saker. Han følgde opp dette med lengre og lengre pinnar og tilslutt òg med trådar. Dette vart seinare følgt opp med eksperiment når Gray var på besøk hos venene sine, med trådlengder opp til 800 fot, då viktigheita av å isolere tråden vart oppdaga. Gray visste ikkje om at metall leiar elektrisitet best, men nytta i staden hampetråd som leiar og silke som isolator.

I 1731 fekk Stephen Gray den første og i 1732 den andre Copleymedaljen sin.

Kjelder endre