Steppin' in a Slide Zone
Steppin' in a Slide Zone av The Moody Blues frå albumet Octave | ||
B-side |
«Had to Fall in Love» (Nederland) | |
---|---|---|
Utgjeve | mai 1978 | |
Innspelt | januar - april 1978 | |
Sjanger | rock | |
Lengd | 5:28 (album) 3:30 (singel) | |
Selskap | Decca Records | |
Låtskrivar(ar) | John Lodge | |
Produsent | Tony Clarke | |
The Moody Blues-kronologi | ||
«I'm Just a Singer (In a Rock and Roll Band)» (1973) |
Steppin' in a Slide Zone | «Driftwood» (1978)
|
«Steppin' in a Slide Zone» er ein song frå 1978 av det engelske progrockbandet The Moody Blues. Han var den første singelen som The Moody Blues gav ut på fem år, etter ein lengre pause for bandet. Han vart skriven av bassist John Lodge, og gjeven ut ein månad etter albumet Octave kom ut.
Ein av dei mest tydelege skilnadane i stilen til bandet etter pausen var at chamberlinen (eit instrument som liknar Mellotron) hadde vorte erstatta av meir moderne synthesizerar, og «Steppin' In a Slide Zone» var den første singelen som nytta denne nye synthesizeren.
Medverkande
endre- Justin Hayward – elektrisk gitar, korvokal
- John Lodge – bassgitar, vokal
- Mike Pinder – tangentinstrument, korvokal
- Ray Thomas – fløyte, korvokal
- Graeme Edge – trommer, perkusjon