Steven Crowder
Steven Blake Crowder (fødd 7. juli 1987) er ein amerikansk-kanadisk konservativ politisk kommentator, skodespelar og komikar. Han er vert for podkasten Louder with Crowder, som dekker nyhende, populærkultur og politikk, og som blir strøymt på tenester som YouTube og BitChute og på nettsida LouderWithCrowder.com. Han var som barn stemmeskodespelar i TV-serien Artur, der han gav røyst til karakteren Alan under sesong 5–6. Han er også ein tidlegare bidragsytar ved Fox News, og ein fast gjest på det konservative nyhende- og underhaldningsnettverket TheBlaze.
Steven Crowder | |
Fødenamn | Steven Blake Crowder |
Statsborgarskap | USA, Canada |
Fødd | 7. juli 1987 (37 år) Grosse Pointe, Michigan, USA |
Bustad | Dallas, Texas, USA |
Yrke | Skodespelar, komikar, politisk kommentator, radiokjendis |
Språk | engelsk, fransk |
Religion | Protestantisme |
Nettstad | http://stevencrowder.net/ |
Steven Crowder på Commons |
Faren til Crowder er USA-amerikansk og mora er fransk-kanadisk. Steven har dobbelt statsborgarskap og talar både fransk og engelsk. Han gifte seg med hustrua Hilary Crowder i august 2012 og skreiv om føremonane med seksuelt fråhald før ekteskapet.[1] Crowder er ein tilhengjar av mixed martial arts (MMA) og deltek i kampsportstevlingar. Han var ein føregangsmann for legalisering av MMA i New York.[2]
Referansar
endre- ↑ «Waiting till the wedding night – getting married the right way». Fox News. 14. september 2012.
- ↑ Crowder, Steven (19. mars 2012). «LEGALIZE MMA IN NY!!» (via YouTube).
Bakgrunnsstoff
endre- Nettstaden Louder with Crowder
- YouTube-kanalen til Steven Crowder
- BitChute-kanalen til Steven Crowder
- Steven Crowder ved The Internet Movie Database (IMDb)