Podkasting

(Omdirigert frå Podkast)

Podkasting er ein måte å publisere lydopptak på Internett som kan abonnerast på ved hjelp av RSS. Ordet podkasting kjem frå engelsk podcasting, ei samanslåing av orda iPod og broadcasting (kringkasting).

To norske podkastar, «Giæver & Joffen» og «Aftenpodden», møttest til oppsummering av året i desember 2015. Frithjof Jacobsen, Hanne Skartveit, Anders Giæver, Lars Molteberg Glomnes, Trine Eilertsen og Sarah Sørheim.
Foto: Tore Sætre

Ein kan blant anna bruke nyare utgåver av programma iPodder, iTunes og Winamp til å abonnere på og finne slike podkastingar. Nettlesaren Opera har rss-lesar innebygd og viser lenkjer til filene som ein deretter kan opne direkte, lagre som bokmerke eller lime inn i favorittspelaren. Det finst i dag et breitt utval av spelarar som kan opne lydfiler over HTTP.

ITavisen var mellom dei første norske podkastene i landet, med oppstart 5. august 2005.[1] NRK starta hausten 2005 med å podkaste visse radioprogram, P2-programmet Kurér var først ute.[2]

Kjelder endre

  1. «ITavisen starter Podcasting». ITavisen.no. Henta 22. februar 2018. 
  2. «NRK Radio - Hør Kurer». NRK Radio. Henta 22. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff endre