Still Breathing
«Still Breathing» Song av Samanta Tīna | ||
Land | Latvia | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 28. november 2019 | |
Sjanger | Elektropop, EDM, dubstep, trap | |
Lengd | 03:06 | |
Tekstforfattar | Aminata Savadogo | |
Låtskrivar(ar) | Aminata Savadogo, Samanta Tīna |
---|
«Still Breathing» (norsk 'pustar framleis') er ein engelskspråkleg elektropopsong frå 2020 med den latviske songaren Samanta Tīna. Ho skreiv songen saman med Aminata Savadogo. «Still Breathing» vann den latviske songtevlinga Supernova 2020 og skulle ha vore det latviske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]
Eurovision Song Contest
endre«Still Breathing» vart spela inn 28. november 2019,[2] og var eit av 126 bidrag som vart sendt inn til den latviske songtevlinga Supernova 2020.[3] Supernova vert arrangert av kringkastaren LTV, og vinnaren får representere Latvia i Eurovision Song Contest. Songen var ein av 26 som vart plukka ut til tevlinga, og han vart offentleggjord 9. januar 2020.[4]
I finalen av Supernova 8. februar 2020 fekk «Still Breathing» flest røyster av sjåarane og vann tevlinga.[5] «Still Breathing» vart dimed det latviske bidraget til Eurovision Song Contest 2020.[6]
I januar 2020 vart Latvia trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest, som skulle ha vore arrangert torsdag 14. mai i Rotterdam Ahoy. På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av infeksjonssjukdomen covid-19.[7] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.
Kjelder
endre- ↑ Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020.
- ↑ Still Breathing på Apple Music
- ↑ «Latvia: LTV confirms a record 126 entries received for Supernova 2020» (på engelsk). 21. november 2019. Henta 11. februar 2020.
- ↑ «Latvia: Markus Riva among shortlisted acts for Supernova 2020» (på engelsk). 9. januar 2020. Henta 11. februar 2020.
- ↑ «Latvia chooses Samanta Tīna for Eurovision 2020». www.eurovision.tv. 8. februar 2020. Henta 11. februar 2020.
- ↑ «Latvia: Samanta Tina wins Supernova 2020 with "Still Breathing"» (på engelsk). 8. februar 2020. Henta 11. februar 2020.
- ↑ Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Still Breathing» frå Wikipedia på bokmål, den 13. desember 2021.