Stina Talling

norsk youtubar og songar

Stina Talling (fødd 5. februar 2003) er ein norsk youtubar og artist. Ho song BlimE!-låten i 2019, «Mer enn god nok».[1] Ho deltok i Melodi Grand Prix 2021 med låten «Elevate».[2]

Stina Talling
Stina Talling (2018).png
Fødd5. februar 2003 (19 år)
FødestadBergen
OpphavNoreg
Sjangerpop
PlateselskapSony Music Entertainment
Verka somyoutubar, influensar, songar

BakgrunnEndra

Talling er oppvaksen på Sotra utanfor Bergen.[2] Som tiåring byrja ho å leggja ut sina eigne videoar på YouTube. Etter kvart fekk ho ei større sjåargruppe på videoplattforma, blant anna med dei personlege og humoristiske videoane sine.[3] Per januar 2021 hadde kanalen hennar hatt 16,8 millionar visingar.[4] Ho har òg sunge på fleire videoar og utgjeve musikk via Spotify. I 2019 fekk ho platekontrakt med Sony Music, og fekk ein stor hit med BlimE!-låten «Mer enn god nok» i 2019. Ho hadde den musikalske livedebuten sin under VG-Lista-showetRådhusplassen i Oslo same året. Ho har sidan gjeve ut låtar som «Fortid til framtid», «Jada Jada» med Cherie Mwangi, «En gang til» med Eirik Lyng, «Livet nå» og «En rakett til måneland» for Netflix-filmen Månereisen i 2020.[5]

Ho har delteke i tv-seriar som Influenserne og dokumentaren Tenåringssjokket.[6][7] I 2018 var ho nominert i kategorien «årets morosamaste» under Gullsnutten, og i 2019 var ho nominert i kategorien «stjerneskot» i Nickelodeon Kids' Choice Awards 2019.[8]

Ho var blant deltakarane i Melodi Grand Prix 2021 på NRK1. Ho deltok med låten «Elevate» i delfinale 1 den 16. januar. Låten hadde ho skrive saman med Bård Bonsaksen, Hilda Stenmalm, Monika Engseth og Eirik Hella.[5] Ho vart slått ut i delfinalen, men deltok i sistesjansen, 15. februar. Der vart ho slått ut av Jorn.

KjelderEndra

  1. «BlimE - Mer enn god nok - Stina Talling - BlimE-dansen 2019 - NRK Super - YouTube». Henta 11. januar 2021. 
  2. 2,0 2,1 «Alle ungdommer vet hvem Stina Talling fra Sotra er. Nå håper hun de «voksne» blir like sjarmerte.» (på norsk bokmål). Henta 11. januar 2021. 
  3. «Stina Talling deltar i MGP med låten "Elevate" | Sony Music Norway» (på norsk). Henta 11. januar 2021. 
  4. «Stina Talling - YouTube». Henta 11. januar 2021. 
  5. 5,0 5,1 Hyttebakk, Jon Marius (11. januar 2021). «Her er de første artistene i MGP 2021» (på norsk bokmål). Henta 11. januar 2021. 
  6. «Influenserne – Sesong 1 Episode 2» (på norsk). Henta 11. januar 2021. 
  7. Rognsvåg, Silje (1. desember 2018). «Tenåringssjokket – foreldre får sjokk når barna blir tenåringar». Henta 11. januar 2021. 
  8. «Stina kan vinne prestisjepris» (på norsk). 27. februar 2019. Henta 11. januar 2021. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Stina Talling