Melodi Grand Prix 2021
Melodi Grand Prix 2021 var den 59. utgåva av Melodi Grand Prix, den norske nasjonale uttakinga til Eurovision Song Contest. Konkurransen blei vunnen av artisten TIX med songen «Fallen Angel». Han representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland, der han blei nummer 18 i finalen.
Melodi Grand Prix 2021 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Delfinale 1 | 16. januar 2021 | |||
Delfinale 2 | 23. januar 2021 | |||
Delfinale 3 | 30. januar 2021 | |||
Delfinale 4 | 6. februar 2021 | |||
Delfinale 5 | 13. februar 2021 | |||
Sistesjansen | 15. februar 2021 | |||
Finale | 20. februar 2021 | |||
Vertskap | ||||
Finale | H3 Arena på Fornebu | |||
Programleiarar | Kåre Magnus Bergh Ingrid Gjessing Linhave Ronny Brede Aase Silje Nordnes | |||
Kringkastar | Norsk rikskringkasting | |||
Deltakarar | ||||
Deltakarar | 26 | |||
Vinnar | ||||
Song | «Fallen Angel» | |||
Artist | TIX | |||
Resultat i Eurovision Song Contest 2021 | ||||
Noreg i Eurovision Song Contest | ||||
|
Konkurransen blei arrangert av NRK over seks veker i januar og februar 2021, og i likskap med 2020 var det fem delfinalar i forkant av finalen laurdag 20. februar.[1] Til saman deltok 26 songar – det høgaste talet i historia til Melodi Grand Prix. Seks songar var direktekvalifiserte til finalen, mens dei øvrige 20 deltok i dei fem delfinalane. Det endelige finalefeltet bestod av tolv låtar.[2]
Sendingane gjekk direkte frå H3 Arena på Fornebu, utan publikum på grunn av koronaviruspandemien.[3] Som i 2020 var Kåre Magnus Bergh, Ingrid Gjessing Linhave og Ronny Brede Aase programleiarar. Linhave og Aase leia programmet for andre gong, mens Bergh sette ny rekord med å leie Melodi Grand Prix for sjuande gong.[4] Silje Nordnes vikarierte for Linhave dei tre siste sendingane.[5] Det var sjåarane som røysta fram vinnarane av delfinalane og finalen.[6]
Bakgrunn
endrePå grunn av koronaviruspandemien vinteren 2020 avlyste Den europeiske kringkastingsunionen Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland.[7] Avlysinga førte til at Melodi Grand Prix-vinnaren frå 2020, Ulrikke Brandstorp og låten «Attention», ikkje fekk representert Noreg i Eurovision Song Contest. NRK vurderte fleire alternativ for Melodi Grand Prix 2021, men kunngjorde 26. mars 2020 at den norske finalen skulle arrangerast som vanleg.[2] NRK tilbaud Brandstorp ei direktekvalifisering til finalen, men Brandstorp takka nei til tilbodet.[8] I staden opptredde ho ved opninga og pausen under finalen i 2021.[2][9]
NRK inviterte norske og utanlandske musikarar til å sende inn songar til Melodi Grand Prix, og eit utval av låtane som kom inn, blei plukka ut til å delta i Melodi Grand Prix 2021.[2] Innsendinga til konkurransen opna 15. mai og stengte 16. august 2020.[10] Kvart bidrag måtte vere maks tre minutt langt og helst ha minst éin norsk låtskrivar. Kvar produsent eller låtskrivar kunne sende inn høgst tre låtar. Reglane sørga for at konkurranseredaksjonen fekk «kvalitet foran kvantitet».[10] I tillegg til den opne innsendinga jobba redaksjonen og konkurransesjef Stig Karlsen målretta med å hente inn bidrag direkte frå musikkbransjen og profesjonelle musikarar.[10] Til saman hadde redaksjonen mellom 800 og 1000 låtar til vurdering.[11]
Utveljinga av låtane
endreAv dei innsende låtane plukka konkurranseredaksjonen ut 26 låtar til å delta i Melodi Grand Prix 2021. Det var eitt bidrag meir enn den førre rekorden frå 2020. Av desse direktekvalifiserte ein fagjury seks bidrag til finalen. Dette blei gjort for å skape eit «variert og spennende finaleshow», «mangfold» og velje «solide artister som vi vet kan levere live fra en stor scene».[12] Fagjuryen bestod av Julie Lillehaug Kaasa, Stig Karlsen og Hans Einar Apeland.[12] Dei øvrige 20 bidraga deltok i dei fem delfinalane. Vinnaren av kvar delfinale kvalifiserte seg til finalen, mens dei 15 utslegne bidraga konkurrerte om den tolvte og siste finaleplassen i programmet Sistesjansen. Dette programmet blei sendt måndag 15. februar 2021, to dagar etter siste delfinale.[13][14]
Deltakarane og bidraga deira blei offentleggjorde måndagen før sine respektive delfinalar. Det betyr at dei førehandskvalifiserte finalistane og deltakarane i den fyrste delfinalen blei offentleggjorde måndag 11. januar 2021.[4] Dei siste deltakarane blei offentleggjorde måndag 8. februar 2021.[4][13]
Sendingane
endreMelodi Grand Prix 2021 bestod av fem delfinalar, wildcard-programmet Sistesjansen og til slutt ein finale med tolv finalelåtar.[1][13] Delfinalane blei arrangerte frå laurdag 16. januar og deretter kvar laurdag fram til finalen 20. februar 2021. Sistesjansen blei send frå NRK Marienlyst måndag 15. februar 2021.[14] Delfinalane og finalen gjekk direkte frå H3 Arena på Fornebu, der NRK slo saman to studio til eitt for å gje større fysisk plass til produksjon og scene.[3] Som følgje av pandemien var det ingen publikum i salen under sendingane.[4] Dette er fyrste gongen sidan 1979 at det ikkje var publikum til stade under ein Melodi Grand Prix-finale.
NRK brukte til saman 25 millionar kroner på å produsere og marknadsføre dei sju sendingane.[15]
Programleiarar
endreSendingane blei leia av Kåre Magnus Bergh, Ingrid Gjessing Linhave og Ronny Brede Aase, den same programleiartrioen som i 2020.[4] Linhave og Aase leia konkurransen for andre gong, mens Bergh var programleiar for sjuande gong. Med det sette Bergh ny programleiarrekord i Melodi Grand Prix; den førre rekorden hadde Odd Grythe, som leia dei seks fyrste konkurransane i 1960–1965. Etter fire sendingar måtte Linhave trekkje seg på grunn av ryggproblem, og Silje Nordnes steppa inn for Linhave på dei tre siste sendingane.[5]
Konsept
endreI motsetnad til 2020 var det ingen landsdel-konsept i delfinalane, men duell-konseptet frå 2020 blei vidareført. Det innebar at dei fire delfinalistane blei trekte i to par som kjempa mot kvarandre i to duellar. Vinnarane frå fyrste duellrunde møtte kvarandre i ein avgjerande gullduell, der vinnaren sikra seg ein plass i finalen. Resultatet av duellane blei avgjorde av tv-sjåarane, som røysta via nrk.no.[13][16] Undervegs i sendingane kunne sjåarane gje artistane vurderingar og såkalla applaus-boblar. Under finalen kom det inn over 100 millionar applaus-boblar frå sjåarane. Engasjementet var så stort at NRK opplevde nye røysteproblem, men av eit mykje mindre omfang enn i 2020.[17]
Dei seks førehandskvalifiserte finalistane blei presenterte i kvar sine delfinalar for å sikre lik sendetid på samtlege tolv finalistar. To av dei førehandskvalifiserte finalistane opptredde i den fyrte delfinalen, mens dei fire siste var fordelte på kvar av dei fire øvrige delfinalane.[13]
Sending | Dato | Arena | Tal på bidrag |
---|---|---|---|
Delfinale 1 | 16. januar 2021 | H3 Arena Fornebu | 4 + 2 førehandskvalifiserte |
Delfinale 2 | 23. januar 2021 | 4 + 1 førehandskvalifisert | |
Delfinale 3 | 30. januar 2021 | 4 + 1 førehandskvalifisert | |
Delfinale 4 | 6. februar 2021 | 4 + 1 førehandskvalifisert | |
Delfinale 5 | 13. februar 2021 | 4 + 1 førehandskvalifisert | |
Sistesjansen | 15. februar 2021 | Alle dei 15 utslegne bidraga frå delfinalane | |
Finale | 20. februar 2021 | 12 |
Finalen
endreFinalen blei halden i H3 Arena laurdag 20. februar frå klokken 19.55 til 22.35.[18] Sendinga blei overført direkte på NRK1, NRK P1 og NRK TV.[19] Tolv songar deltok. Seks av finalistane var førehandskvalifiserte, mens dei øvrige seks hadde vunne dei fem delfinalane og sistesjansen. Dei seks førehandskvalifiserte finalistane blei presenterte under ein pressekonferanse i Oslo måndag 11. januar 2021.[4][20] Startrekkefølgja blei avgjord av produsentane av showet etter sistesjanse-programmet og offentleggjord 16. februar.[21]
Showet opna med fjorårsvinnar Ulrikke Brandstorp som framførte vinnarlåten sin «Attention». Deretter opptredde dei tolv finalistane, og sjåarane røysta via NRK.no. Dei fire bidraga med flest røyster, gjekk vidare til gullfinalen. Dei fire gullfinalistene opptredde ikkje på nytt, men i staden ble det vist utdrag frå fyrste runde før sjåarane røysta på nytt. I pausen opptredde Helene Bøksle med låten «Einn». Undervegs blei det vist filmklipp frå heile landet under parolen «lys i mørket», som ei slags oppmuntring under koronaviruspandemien.[22][23]
Dei to gullfinalistane med flest røyster møtte kvarandre i ein avgjerande gullduell. Røystene blei nullstilte, og dei to duellantane TIX og KEiiNO opptredde på nytt før sjåarane igjen fekk røyste. Under avrøystinga opptredde Ulrikke Brandstorp med låten «Falling Apart». I avrøystinga blei sjåarrøystene lesne opp landsdel for landsdel, og vinnaren blei TIX og «Fallen Angel». Han fekk dimed representere Noreg i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam.
Startnr. | Tittel | Artist | Låtskrivarar | Status |
---|---|---|---|---|
1 | «World on Fire» | Atle Pettersen | Atle Pettersen, Jesper Borgen, Magnus Clausen, Alexander Pavelich og Peter Daniel Newman | Ute |
2 | «Hero» | Raylee | Andreas «Stone» Johansson, Anderz Wrethov, Laurell Barker, Thomas Stengaard og Frazer Mac | Ute |
3 | «Who I Am»1 | Stavangerkameratene | Tommy Fredvang, Lars Horn Lavik, Robin Sharma, Glenn Lyse og Alexander Pavelich (engelsk tekst) | Ute |
4 | «My Lonely Voice» | KiiM | Kim Rune Hagen, Espen Andreas Fjeld, Vebjørn Jernberg og Niklas Rosström | Ute |
5 | «Let Loose» | Blåsemafian med Hazel | Jørgen Lund Karlsen, Sigurd Evensen, Stig Espen Hundsnes, Benjamin Sefring og Caroline Teigen | Til gullfinale |
6 | «Witch Woods» | Emmy | Olli Äkräs, Elsa Søllesvik og Morten Franck | Ute |
7 | «Fallen Angel»2 | TIX | Andreas Haukeland, Emelie Hollow og Mathias Haukeland | Til gullfinale |
8 | «Feel Again» | Kaja Rode | Magnus Martinsen, Mirjam Johanne Omdal, Andreas Gjone og Erika Dahlen | Ute |
9 | «Eyes Wide Open» | Rein Alexander | Rein Alexander Korshamn, Christian Ingebrigtsen og Kjetil Mørland | Ute |
10 | «I Can't Escape» | Imerika | Erika Dahlen, Bjørn Olav Edvardsen, Morten Franck og Ben Adams | Ute |
11 | «Monument» | KEiiNO | Tom Hugo Hermansen, Alexander Nyborg Olsson, Fred Buljo, Alexandra Rotan og Rüdiger Schramm | Til gullfinale |
12 | «Faith Bloody Faith» | Jorn | Åge Sten Nilsen, Jørn Lande, Eirik Renton, Kjell Åge Karlsen | Til gullfinale |
1 Stavangerkameratene framførte den norske versjonen, «Barndomsgater», då dei presenterte låten sin under den andre delfinalen.
2 TIX framførte den norske versjonen «Ut av mørket» då han presenterte låten sin under den fyrste delfinalen.[24]
Gullfinale og gullduell
endreDei fire mest populære låtane frå fyrste runde avanserte til gullfinalen. Der blei det vist utdrag frå dei fire framsyningane. Sjåarane røysta og hadde tre røyster til fordeling.
Startnr. | Tittel | Artist | Status |
---|---|---|---|
5 | «Let Loose» | Blåsemafian med Hazel | Ute |
7 | «Fallen Angel» | TIX | Til gullduell |
11 | «Monument» | KEiiNO | Til gullduell |
12 | «Faith Bloody Faith» | Jorn | Ute |
Dei to songane som fekk flest røyster i gullfinalen, møtte kvarandre i den avgjerande gullduellen. Dei to gullduellantane opptredde på nytt, og røystetala blei nok ein gong nullstilte. Då dei to framsyningane var over, røysta sjåarane nok ein gong, og hadde tre røyster til disposisjon. Under gullfinalen og gullduellen kom det inn rundt 1,5 millionar røyster.[25]
Startnr. | Tittel | Artist | Røyster | Plass |
---|---|---|---|---|
7 | «Fallen Angel» | TIX | 380 033 | 1 |
11 | «Monument» | KEiiNO | 281 043 | 2 |
Avrøysting i finalen
endreRøystene til dei to gullduellantane blei lesne opp landsdel for landsdel. Låten som fekk flest røyster vann konkurransen og blei det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2021.[26] Røystene blei lesne opp av Helene Bøksle (Sørlandet), Carina Dahl (Midt-Noreg), Maria Solheim (Nord-Noreg), Beady Belle (Vestlandet) og Hanne Krogh (Austlandet).[9]
Nr. | Tittel | Sørlandet | Midt-Noreg | Nord-Noreg | Vestlandet | Austlandet | Totalt |
---|---|---|---|---|---|---|---|
7 | «Fallen Angel» | 36 996 | 46 937 | 28 105 | 82 891 | 185 104 | 380 033 |
11 | «Monument» | 27 666 | 38 850 | 42 437 | 58 942 | 113 148 | 281 043 |
Delfinalene
endreDelfinale 1
endreDen fyrste delfinalen blei arrangert i H3 Arena laurdag 16. januar 2021. Delfinalen opna med ein humoristisk introfilm der programlederne hadde mareritt om røysteproblema frå fjoråret. Dei ville avlyse konkurransen for å unngå det same i år, men kulturminister Abid Raja overtalte dei til å fortsette av «hensyn til det norske folk».[27] Sendinga blei avvikla utan publikum i salen, men tv-sjåarane kunne på førehand sende inn applausvideoar som blei brukte under sendinga.[4][28] Programmet varte i 1 time og 27 minuttar og ble sendt på NRK1 klokken 19.50–21.17.[27]
Deltakarar
endreDei fire deltakarane i den fyrste delfinalen – og dei seks førehandskvalifiserte finalistane – blei presenterte under ein pressekonferanse i Oslo måndag 11. januar 2021.[4] Dei førehandskvalifiserte finalistane TIX og KEiiNO framførte bidraga sine «Ut av mørket» og «Monunent» under denne delfinalen. Låtane blei slopne 11. januar, mens dei to førehandskvalifiserte låtane blei offentleggjorde fredag 15. januar.
Artist | Tittel | Låtskrivarar |
---|---|---|
Beady Belle | «Playing with Fire» | Beate S. Lech |
Blåsemafian med Hazel | «Let Loose» | Jørgen Lund Karlsen, Sigurd Evensen, Stig Espen Hundsnes, Benjamin Sefring og Caroline Teigen |
Jorn | «Faith Bloody Faith» | Åge Sten Nilsen, Jørn Lande, Eirik Renton, Kjell Åge Karlsen |
Stina Talling | «Elevate» | Bård Mathias Bonsaksen, Hilda Stenmalm, Stina Talling, Eirik Hella og Monika Engeseth |
Førehandskvalifiserte finalistar | ||
KEiiNO | «Monument» | Tom Hugo Hermansen, Alexander Nyborg Olsson, Fred Buljo, Alexandra Rotan og Rüdiger Schramm |
TIX | «Ut av mørket» | Andreas Haukeland |
Dimed blei alle fire som gjekk til gullfinalen i finalen framførte i denne sendinga.
Resultat
endreKonkurransen var lagd opp som eit turneringssluttspel. Fyrst blei dei fire deltakarane delt inn i to duellar som blei trekte på direkten under delfinalen. Vinnarane frå kvar duell møtte deretter kvarandre i ein avgjerande gullduell, der vinnaren fekk ein plass i finalen. Sjåarane avgjorde dei tre duellane ved å røyste på NRK.no.[29]
Nr. | Artist | Tittel | Resultat |
---|---|---|---|
Duell 1 | |||
1 | Stina Talling | «Elevate» | Vidare til gullduell |
2 | Beady Belle | «Playing with Fire» | Ute, vidare til sistesjansen |
Duell 2 | |||
3 | Jorn | «Faith Bloody Faith» | Ute, vidare til sistesjansen |
4 | Blåsemafian med Hazel | «Let Loose» | Vidare til gullduell |
Gullduell | |||
1 | Stina Talling | «Elevate» | Ute, vidare til sistesjansen |
2 | Blåsemafian med Hazel | «Let Loose» | Vidare til finalen |
Delfinale 2
endreDen andre delfinalen blei arrangert i H3 Arena laurdag 23. januar 2021.[4] Sendinga blei avvikla utan publikum i salen, men tv-sjåarane kunne på førehand sende inn applausvideoar som blei brukte under sendinga.[4][28] Programmet varte i 1 time og 20 minuttar og blei sendt på NRK1 og NRK TV klokka 19.50–21.10.[30]
Deltakar
endreDei fire deltakerne i den andre delfinalen blei offentleggjorde måndag 18. januar 2021.[31] Førehandskvalifiserte Stavangerkameratene framførte sitt finalebidrag «Barndomsgater» under denne delfinalen. Låten blei offentleggjord fredag 22. januar 2021.[20]
Artist | Tittel | Låtskrivarar |
---|---|---|
Daniel Owen | «Psycho» | Daniel Elmrhari, Paria Ahmadzade, Marius Hongve, Henrik Høven, Patrick Brizard, Jørgen Troøyen, Leif Inge Fosen og Marcus Nilsen Ulstad |
Raylee | «Hero» | Andreas «Stone» Johansson, Anderz Wrethov, Laurell Barker, Thomas Stengaard og Frazer Mac |
Maria Solheim | «Nordlyset» | Andreas Gjone, Camilla North, Elsbeth Rehder, Torgeir Ryssevik og Maria Solheim |
Ketil Stokkan | «My Life Is OK» | Ketil Stokkan |
Førehandskvalifisert finalist | ||
Stavangerkameratene | «Barndomsgater» | Tommy Fredvang, Lars Horn Lavik, Robin Sharma, Glenn Lyse og Alexander Pavelich (engelsk tekst) |
Resultat
endreKonkurransen var lagd opp som eit turneringssluttspel. Fyrst blei dei fire deltakarane delt inn i to duellar som blei trekte på direkten under delfinalen. Vinnarane frå kvar duell møtte deretter kvarandre i ein avgjerande gullduell, der vinnaren fekk ein plass i finalen. Sjåarane avgjorde dei tre duellane ved å røyste på NRK.no.[29]
Startnr. | Artist | Tittel | Resultat |
---|---|---|---|
Duell 1 | |||
1 | Ketil Stokkan | «My Life Is OK» | Ute, vidare til sistesjansen |
2 | Daniel Owen | «Psycho» | Vidare til gullduell |
Duell 2 | |||
3 | Raylee | «Hero» | Vidare til gullduell |
4 | Maria Solheim | «Nordlyset» | Ute, vidare til sistesjansen |
Gullduell | |||
1 | Daniel Owen | «Psycho» | Ute, vidare til sistesjansen |
2 | Raylee | «Hero» | Vidare til finalen |
Delfinale 3
endreDen tredje delfinalen blei arrangert i H3 Arena laurdag 30. januar 2021 og blei send direkte på NRK1 og NRK TV frå klokka 19.50 til 21.10.[30][32] Sendinga blei avvikla utan publikum i salen, men tv-sjåarane kunne på førehand sende inn applausvideoar som blei brukte under sendinga.[4][28]
Deltakarar
endreDeltakarane i den tredje delfinalen blei offentliggjorde måndag 25. januar 2021.[4] Førehandskvalifiserte Kaja Rode framførte sin finalemelodi «Feel Again» under denne delfinalen. Låten til Rode blei offentleggjord fredag 29. januar.[33]
Artist | Tittel | Låtskrivarar |
---|---|---|
Big Daddy Karsten | «Smile» | Karsten Dahl Marcussen, Are Næsset og Pål Gauslaa Sivertzen |
Dinaye | «Own Yourself» | Christian Ingebrigtsen, David Thulin og Dina Matheussen |
Emmy | «Witch Woods» | Olli Äkräs, Elsa Søllesvik og Morten Franck |
Ole Hartz | «Vi er Norge» | Rein Mellbye Van Vliet, Eirik Næss, Ole F. Hartz Gravbråten, Magnus Hagen Clausen og Petter Bjørklund Kristiansen |
Førehandskvalifisert finalist | ||
Kaja Rode | «Feel Again» | Magnus Martinsen, Mirjam Johanne Omdal, Andreas Gjone og Erika Dahlen |
Resultat
endreKonkurransen var lagd opp som eit turneringssluttspel. Fyrst blei dei fire deltakarane delt inn i to duellar som blei trekte på direkten under delfinalen. Vinnarane frå kvar duell møtte deretter kvarandre i ein avgjerande gullduell, der vinnaren fekk ein plass i finalen. Sjåarane avgjorde dei tre duellane ved å røyste på NRK.no.[29][32]
Startnr. | Artist | Tittel | Resultat |
---|---|---|---|
Duell 1 | |||
1 | Dinaye | «Own Yourself» | Ute, vidare til sistesjansen |
2 | Big Daddy Karsten | «Smile» | Vidare til gullduell |
Duell 2 | |||
3 | Emmy | «Witch Woods» | Vidare til gullduell |
4 | Ole Hartz | «Vi er Norge» | Ute, vidare til sistesjansen |
Gullduell | |||
1 | Big Daddy Karsten | «Smile» | Ute, vidare til sistesjansen |
2 | Emmy | «Witch Woods» | Vidare til finalen |
Delfinale 4
endreDen fjerde delfinalen blei arrangert i H3 Arena laurdag 6. februar 2021 og blei send direkte på NRK1 og NRK TV klokka 19.50–21.10.[4][34] Sendinga blei avvikla utan publikum i salen, men tv-sjåarane kunne på førehand sende inn applausvideoar som blei brukte under sendinga.[4][28]
Deltakere
endreDei fire deltakarane i den fjerde delfinalen ble presenterte under ein pressekonferanse i Oslo måndag 1. februar 2021.[4] Førehandskvalifiserte Atle Pettersen framførte «World on Fire» under denne delfinalen.[20] Denne låten ble offentliggjort fredag 5. februar.[35]
Artist | Tittel | Låtskrivere |
---|---|---|
KiiM | «My Lonely Voice» | Kim Rune Hagen, Espen Andreas Fjeld, Vebjørn Jernberg og Niklas Rosström |
Landeveiens helter | «Alt det der» | Lars-Erik Blokkhus, Petter Bjørklund Kristiansen og Thor-Erik Claussen |
Marianne Pentha og Mikkel Gaup | «Pages» | Vanessa Liftig, Robin Lynch, Marianne Pentha og Mikkel Gaup |
Royane | «Circus» | Royane Harkati, Junior Paris (produksjon) og Simen Handeland (miksing) |
Forhåndskvalifisert finalist | ||
Atle Pettersen | «World on Fire» | Atle Pettersen, Jesper Borgen, Magnus Clausen, Alexander Pavelich og Peter Daniel Newman |
Resultat
endreKonkurransen var lagd opp som eit turneringssluttspel. Fyrst blei dei fire deltakarane delt inn i to duellar som blei trekte på direkten under delfinalen. Vinnarane frå kvar duell møtte deretter kvarandre i ein avgjerande gullduell, der vinnaren fekk ein plass i finalen. Sjåarane avgjorde dei tre duellane ved å røyste på NRK.no.[29][34]
Nr. | Artist | Tittel | Resultat |
---|---|---|---|
Duell 1 | |||
1 | Marianne Pentha og Mikkel Gaup | «Pages» | Vidare til gullduell |
2 | Landeveiens helter | «Alt det der» | Ute, vidare til sistesjansen |
Duell 2 | |||
3 | KiiM | «My Lonely Voice» | Vidare til gullduell |
4 | Royane | «Circus» | Ute, vidare til sistesjansen |
Gullduell | |||
1 | Marianne Pentha og Mikkel Gaup | «Pages» | Ute, vidare til sistesjansen |
2 | KiiM | «My Lonely Voice» | Vidare til finalen |
Delfinale 5
endreDen femte delfinalen blei arrangert i H3 Arena laurdag 13. februar 2021 og blei send direkte på NRK1 og NRK TV klokka 19.50–21.12.[4][34] Sendinga blei avvikla uten publikum i salen, men tv-sjåarane kunne på førehand sende inn applausvideoar som blei brukte under sendinga.[4][28]
Deltakarane
endreDei fire deltakarane i den femte delfinalen blei presenterte under ein pressekonferanse i Oslo måndag 8. februar 2021.[4] Førehandskvalifiserte Rein Alexander framførte «Eyes Wide Open» under denne delfinalen.[20] Denne låten blei offentliggjord fredag 12. februar.[35]
Artist | Tittel | Låtskrivere |
---|---|---|
Ane.Fin | «Walking in My Sleep» | Ane Caroline Finstad, Niklas Rosström, Espen Andreas Fjeld, Kim Rune Hagen og Vebjørn Jernberg |
Imerika | «I Can’t Escape» | Erika Dahlen, Bjørn Olav Edvardsen, Morten Franck og Ben Adams |
River | «Coming Home» | Thomas Heiland, Lennart Karlsen, Magnus Claussen, Simen Meland Handeland og Tommy La Verdi |
TuVeia | «Bli med meg på gar’n» | Kristian G. Bredalslien, Roar G. Bredalslien, Bendik Johnsen, Torgeir Ryssevik, Carl-Henrik Wahl, Jonas H. Jensen, Sindre T. Jenssen og Sarah A. V. Johnston |
Førehandskvalifisert finalist | ||
Rein Alexander | «Eyes Wide Open» | Rein Alexander Korshamn, Christian Ingebrigtsen og Kjetil Mørland |
Resultat
endreKonkurransen var lagd opp som eit turneringssluttspel. Fyrst blei dei fire deltakarane delt inn i to duellar som blei trekte på direkten under delfinalen. Vinnarane frå kvar duell møtte deretter kvarandre i ein avgjerande gullduell, der vinnaren fekk ein plass i finalen. Sjåarane avgjorde dei tre duellane ved å røyste på NRK.no.[29][36]
Startnr. | Artist | Tittel | Resultat |
---|---|---|---|
Duell 1 | |||
1 | TuVeia | «Bli med meg på gar’n» | Ute, vidare til sistesjansen |
2 | River | «Coming Home» | Vidare til gullduell |
Duell 2 | |||
3 | Ane.Fin | «Walking in My Sleep» | Ute, vidare til sistesjansen |
4 | Imerika | «I Can’t Escape» | Vidare til gullduell |
Gullduell | |||
1 | River | «Coming Home» | Ute, vidare til sistesjansen |
2 | Imerika | «I Can’t Escape» | Vidare til finalen |
Sistesjansen
endreSistesjanen blei halden som eit radioprogram i studio på NRK Marienlyst måndag 15. februar 2021. Sendinga var ei wildcard-sending der dei 15 utslegne delfinalistane møttast til ein siste konkurranse. Vinnaren av sistesjansen fekk den tolvte og siste finaleplassen.[4] Programmet blei sendt på NRK1, NRK P1, NRK TV og strøymt internasjonalt på nettsidene til NRK frå klokka 20.00 til 23.00.[14]
Deltakere
endreStartnr. | Artist | Tittel | Resultat |
---|---|---|---|
1 | Beady Belle | «Playing with Fire» | Ute |
2 | Jorn | «Faith Bloody Faith» | Vidare til finalen |
3 | Stina Talling | «Elevate» | Ute |
4 | Ketil Stokkan | «My Life Is OK» | Ute |
5 | Maria Solheim | «Nordlyset» | Ute |
6 | Daniel Owen | «Psycho» | Ute |
7 | Dinaye | «Own Yourself» | Ute |
8 | Ole Hartz | «Vi er Norge» | Ute |
9 | Big Daddy Karsten | «Smile» | Ute |
10 | Landeveiens helter | «Alt det der» | Ute |
11 | Royane | «Circus» | Ute |
12 | Marianne Pentha og Mikkel Gaup | «Pages» | Ute |
13 | Ane.Fin | «Walking in My Sleep» | Ute |
14 | TuVeia | «Bli med meg på gar’n» | Ute |
15 | River | «Coming Home» | Ute |
Tilbakevendande artistar
endreFleire av deltakarane i 2021 hadde delteke i konkurransen tidlegare:
Deltaker | Deltok | Plassering |
---|---|---|
Tommy Fredvang | 2012 | Uplassert i finale |
Tom Hugo | 2013 | Slått ut i delfinale |
2018 | Uplassert i finale | |
KEiiNO | 2019 | Vinner |
Rein Alexander | 2020 | Uplassert i finale |
Alexandra Rotan | 2018 | Tredjeplass |
Raylee | 2015 | Uplassert i finale |
2020 | Utslått i gullfinale | |
Ketil Stokkan | 1983 | Andreplass |
1986 | Vinner | |
1990 | Vinner | |
Staysman | 2015 | Tredjeplass |
[[Rune Rudberg}} | 1989 | Uplassert i finale |
1990 | Uplassert i finale | |
1992 | Femteplass (som medlem av Scandinavia) | |
1996 | Sisteplass av åtte (som medlem av Scandinavia) | |
2001 | Femteplass | |
2017 | Uplassert i finale | |
Lars Erik Blokkhus | 2012 | Fjerdeplass (som medlem av Plumbo) |
Hendingar
endreKonsekvensar på grunn av koronaviruspandemien
endrePå grunn av koronaviruspandemien innførte den norske regjeringa fleire strenge restriksjonar for å bremse smittespreiinga. Blant anna kunne offentlege arrangement innandørs ha maksimalt 200 gjestar, med minst éin meters avstand mellom gjestane.[37][38] Fleire land, blant anna Sverige, avvikla også sine finalar utan publikum i salen.[39] Prosjektleiar Stig Karlsen uttalte hausten 2020 at NRK ønskte noko publikum i salen, men at talet ville avhenge av smittesituasjonen og gjeldande restriksjonar vinteren 2021.[37] I desember 2020 blei det klart at dei sju sendingane skulle gå utan publikum i salen på grunn av omsyn til smittevernet.[4]
I eit intervju i november 2020 sa Karlsen at konkurransen blir «annerledes» på grunn av pandemien. Samstundes understreka han at NRK ønsker å gjere konkurransen storslagen: «Vi ser på dette som det viktigste MGP noen gang. Grunnen til det er fordi at vi er i en tid hvor det er veldig få begivenheter som samler mange mennesker. Dette er et av de få.»[16] I desember omtalte Karlsen 2021-konkurransen som «tidenes viktigste» og la til at «i en litt tung tid med mangel på begivenheter som samler oss, trenger vi alle en heftig musikkfest nå».[4]
I samband med produksjonen hadde NRK innført strenge smittevernstiltak for å hindre covid-19-smitte. Det var stor avstand mellom artistar, programleiarar og andre på scena, og produksjonsteamet jobba med munnbind.
Under finalen framførte Helene Bøksle låten «Einn». Under framføringa viste NRK opptak frå heile landet under parolen «lys i mørket», som ei slags oppmuntring i eit korona-nedstengt Noreg. Etter framføringa sa Bøksle at det var den sterkaste framføringa ho nokon gong hadde gjort: «Da jeg ikke var i kamera lenger, brøt jeg sammen og så at hardbarka produksjonsfolk rundt meg gråt. Vi ville holde rundt hverandre, men det kunne vi jo ikke», sa Bøksle til Fædrelandsvennen.[22]
Røystemetodar og problem
endreAvrøystinga i samtlege delfinalar og finalen blei avgjorde av sjåarane åleine, utan bruk av juryar. For å unngå avrøystingsproblem som i 2020, hadde NRK innført fleire reserveløysingar og endringar.[16] Sjåarane røysta framleis via nettsida til kringkastaren, men NRK kutta ut emoji-konseptet som fekk systemet til å knele i 2020.[4] Dei hadde gjort store endringar i den tekniske løysinga for å unngå problem. I tillegg hadde NRK to reserveløysingar: Den fyrste reserveløysinga var SMS-avrøysing, og dersom denne også hadde feila, ville NRK bruke eit publikumspanel med 1000 personar som hadde sett alle showa. Panelet var plukka ut av analyseselskapet Norstat.[4][29] I 2020 var reserveløysinga ei jurygruppe på 30 personar som berre bedømde ut frå opptak, ikkje framsyninga under showet.[40]
Under dei fyrste delfinalane og under finalen oppstod det likevel problem med avrøystinga, og fleire sjåarar melde frå at dei ikkje fekk røyste.[41][42] Omfanget var derimot begrensa, og NRK fekk inn over 1,5 millioner røyter under gullfinalen og gullduellen. Ifølgje kringkastaren påvirka ikkje røysteproblema det endelege resultatet.[17][43]
Kritikar-bråk rundt TIX
endreI forkant av finalen fekk artisten TIX og låten «Fallen Angel» hard medfart av ein del musikkmeldarar. Særleg kritisk var meldaren i Dagbladet, Anders Grønneberg, som kalla låten «hjelpeløs» og gav terningkast 1. Meldaren møtte kritikk frå TIX sjølv og fleire andre hald, og blei skulda for hets og mobbing.[44][45][46][47][48] Grønneberg heldt fast ved kritkken og la til at om TIX vann, skulle han ete artisten sitt «pannebånd på en seng av glasskår fra hans knuste briller».[49][50] TIX vann til slutt konkurransen, og tysdagen etter finalen møtte Grønneberg og TIX til debattprogrammet Debatten, der kritikaren måtte ete pannebandet til TIX.[51][52][53]
Naudopptak av vinnarframsyninga
endrePå grunn av koronaviruspandemien måtte kvart deltakerland i Eurovision Song Contest levere eit liveopptak av sitt bidrag, såkalla live-on-tape.[54] Naudopptaket skulle brukast dersom pandemien gjorde det umogleg for deltakarane å reise til Rotterdam, eller om sjukdom gjorde at artisten måtte i karantene eller isolasjon under konkurransen. Dette gjorde det mogleg å gjennomføre Eurovision Song Contest, uansett korleis smittesituasjonen var under finalen.
Som den fyrste av deltakarane spelte NRK inn naudopptaket av TIX og «Fallen Angel» i H3 Arena to dagar etter finalen. Arrangørane EBU og NPO hadde på førehand stilt ei rekkje krav og føringar for korleis opptaket skulle gjennomførast. Blant anna hadde NRK éin time på seg og tre forsøk på å spele inn eit godkjent opptak. Dei samme konkurransereglane gjaldt også for dette opptaket, noko som betydde at TIX song live, og det kunne maksimalt vere seks personar på scena.[55]
Deltaking i to program parallelt
endreSamstundes som Stian «Staysman» Thorbjørnsen deltok som en del av gruppa Landeveiens helter, var han å sjå på TV2 i programmet Hver gang vi møtes.
Sjåartal
endreTalet på sjåarar på NRK1 og NRK TV. Marknadsandelene gjeld for lineær-tv. Finalen blei sett av 1,1 millionar sjåarar, det høgaste talet sidan 2017.[56]
Sending | Samlet seertall |
Herav NRK1 |
Herav NRK TV |
Markeds- andel |
Kilde |
---|---|---|---|---|---|
Delfinale 1 | 794 000 | 763 000 | 31 000 | 46 % | [57] |
Delfinale 2 | 713 000 | 693 000 | 20 000 | 48 % | [58][59] |
Delfinale 3 | 656 000 | 637 000 | 18 000 | 47 % | [60][61] |
Delfinale 4 | 751 000 | 730 000 | 21 000 | 52 % | [62] |
Delfinale 5 | 702 000 | 692 000 | 10 000 | 48 % | [63] |
Sistesjansen | ––– | 353 000 | ––– | 31 % | [64] |
Finale | 1 105 000 | 1 085 000 | 20 000 | 67 % | [56][65] |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Dønvold-Myhre, Lars (21. august 2020). «Skal arrangere MGP». dagbladet.no (på norsk). Henta 21. august 2020.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Hyttebakk, Jon Marius (26. mars 2020). «Slik blir Melodi Grand Prix 2021». NRK (på norsk bokmål). Henta 26. mars 2020.
- ↑ 3,0 3,1 «Slik blir MGP 2021 -» (på norsk bokmål). 11. oktober 2020. Henta 13. oktober 2020.
- ↑ 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 4,11 4,12 4,13 4,14 4,15 4,16 4,17 4,18 4,19 4,20 4,21 4,22 Hyttebakk, Jon Marius (9. desember 2020). «– MGP 2021 blir tidenes viktigste». NRK (på norsk bokmål). Henta 9. desember 2020.
- ↑ 5,0 5,1 Hyttebakk, Jon Marius (12. februar 2021). «Silje Nordnes vikarierer som MGP-programleder». NRK (på norsk bokmål). Henta 13. februar 2021.
- ↑ Øyvind Nordli (20. februar 2021). «I Melodi Grand Prix avgjør TV-seerne alt. Men sender vi da «feil» sang til finalen?». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 23. februar 2021.
- ↑ Dønvold-Myhre, Lars; Eilertsen, Henriette (18. mars 2020). «Eurovision er avlyst». Dagbladet.no (på norsk). Henta 26. mars 2020.
- ↑ Dønvold-Myhre, Lars (26. mars 2020). «– Drømmen min er knust». Dagbladet.no (på norsk). Henta 26. mars 2020.
- ↑ 9,0 9,1 «Melodi Grand Prix 2021 – finale». NRK TV. 20. februar 2020. Henta 23. februar 2020.
- ↑ 10,0 10,1 10,2 NRK (15. mai 2020). «Send inn låt til MGP 2021». NRK (på norsk bokmål). Henta 24. mai 2020.
- ↑ «Stor interesse for å delta i MGP2021» (på norsk bokmål). ESCNorge. 20. september 2020. Henta 16. desember 2020.
- ↑ 12,0 12,1 «Dette er juryen – Melodi Grand Prix 2021 – delfinale 1». NRK. 16. januar 2021. Henta 16. januar 2021.
- ↑ 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 «Stig Karlsen: Det blir flere finalister i MGP-finalen 2021! -» (på norsk bokmål). 18. november 2020. Henta 18. november 2020.
- ↑ 14,0 14,1 14,2 NRK Underholdning (19. januar 2021). «MERK! MGP: Sistesjansen flyttes fra søndag 14. februar, til mandag 15. februar 20:00-23:00.». Twitter. Henta 22. januar 2021.
- ↑ «NRK bruker 3,2 millioner på Eurovision-deltagelsen». e24.no (på norsk bokmål). 22. mai 2021. Henta 28. januar 2023.
- ↑ 16,0 16,1 16,2 «MGP 2021: Q&A med Stig Karlsen». ESCNorge.net/YouTube. 18. november 2020. Henta 18. november 2020.
- ↑ 17,0 17,1 Solvang, Tiril Mettesdatter (21. februar 2021). «Stemmetrøbbel under MGP-finalen». NRK (på norsk bokmål). Henta 23. februar 2021.
- ↑ «Guide for 20. februar 2021». NRK TV (på norsk bokmål). Henta 23. februar 2021.
- ↑ «MGP-fest - Melodi Grand Prix - radio». NRK Radio (på norsk). Henta 23. februar 2021.
- ↑ 20,0 20,1 20,2 20,3 Hyttebakk, Jon Marius (11. januar 2021). «Her er de første artistene i MGP 2021». NRK (på norsk bokmål). Henta 11. januar 2021.
- ↑ Hyttebakk, Jon Marius (16. februar 2021). «Dette er rekkefølgen i MGP-finalen 2021». NRK (på norsk bokmål). Henta 16. februar 2021.
- ↑ 22,0 22,1 Joakimsen, Hilde Wøhni (22. februar 2021). «(+)Helene Bøksle brøt sammen etter MGP-nummer: – Det sterkeste jeg har gjort». fvn.no. Henta 23. februar 2021.
- ↑ «Tårnet i Åsen og GP-Jostein i MGP-finalen». Helgelands Blad (på norsk bokmål). 20. februar 2021. Henta 23. februar 2021.
- ↑ Stein Østbø (28. januar 2021). «TIX vil synge «norsk» på engelsk i MGP-finalen». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 28. januar 2021.
- ↑ Solberg, Mario Andrés Neira Torres, Trine (20. februar 2021). «Stemmer kom ikke gjennom - NRK avviser trøbbel i MGP-finale». Nettavisen (på norsk). Henta 23. februar 2021.
- ↑ «Melodi Grand Prix 2021: Finale». NRK TV (på norsk bokmål). 20. februar 2021. Henta 21. februar 2021.
- ↑ 27,0 27,1 «Melodi Grand Prix 2021: Delfinale 1». NRK. 16. januar 2021. Henta 17. januar 2021.
- ↑ 28,0 28,1 28,2 28,3 28,4 Hyttebakk, Jon Marius (12. januar 2021). «Send inn applaus til MGP 2021!». NRK (på norsk bokmål). Henta 16. januar 2021.
- ↑ 29,0 29,1 29,2 29,3 29,4 29,5 Hyttebakk, Jon Marius (15. januar 2021). «Slik stemmer du i MGP 2021». NRK (på norsk bokmål). Henta 16. januar 2021.
- ↑ 30,0 30,1 «Melodi Grand Prix 2021: Delfinale 2». NRK. 23. januar 2021. Henta 23. januar 2021.
- ↑ Hyttebakk, Jon Marius (11. januar 2021). «Ketil Stokkan og Raylee er tilbake i MGP». NRK (på norsk bokmål). Henta 18. januar 2021.
- ↑ 32,0 32,1 «Melodi Grand Prix 2021 – delfinale 3». NRK TV. 30. januar 2021. Henta 31. januar 2021.
- ↑ Hyttebakk, Jon Marius (11. januar 2021). «Her er artistene i MGP 2021 – Kaja Rode». NRK (på norsk bokmål). Henta 24. januar 2021.
- ↑ 34,0 34,1 34,2 «Melodi Grand Prix 2021 – delfinale 4». NRK TV. 6. februar 2021. Henta 6. februar 2021.
- ↑ 35,0 35,1 Hyttebakk, Jon Marius (11. januar 2021). «Dinaye og Big Daddy Karsten er med i MGP 2021». NRK (på norsk bokmål). Henta 31. januar 2021.
- ↑ «Melodi Grand Prix 2021 – delfinale 5». NRK TV. 13. februar 2021. Henta 14. februar 2021.
- ↑ 37,0 37,1 «Råd til arrangementer, halloween og sosiale sammenkomster». www.helsenorge.no (på norsk). 25. august 2020. Arkivert frå originalen 18. oktober 2020. Henta 18. oktober 2020.
- ↑ regjeringen.no (18. november 2020). «Koronasituasjonen: Spørsmål og svar om arrangementer, konfirmasjon og andre sosiale tilstelninger». Regjeringen.no (på norsk). Henta 18. november 2020.
- ↑ Radio, Sveriges (5. oktober 2020). «Melodifestivalen 2021 utan publik - Nyheter (Ekot)». sverigesradio.se (på svensk). Ekot. Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «MGP-juryen stemte berre basert på lydopptak». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 9. desember 2020.
- ↑ «NRK innrømmer nye stemmeproblemer i Melodi Grand Prix». www.vg.no (på norsk bokmål). 28. januar 2021. Henta 23. februar 2021.
- ↑ Hagen, Angelica (21. februar 2021). «Derfor ble det stemmetrøbbel». dagbladet.no (på norsk). Henta 23. februar 2021.
- ↑ Dønvold-Myhre, Lars (28. januar 2021). «Nye stemmeproblemer i MGP». dagbladet.no (på norsk). Henta 23. februar 2021.
- ↑ Dønvold-Myhre, Lars (1. februar 2021). «- Pisser på norsk kultur». dagbladet.no (på norsk). Henta 23. februar 2021.
- ↑ Ihle, Marthe (22. februar 2021). «Opphetet debatt: - Du gir faen». dagbladet.no (på norsk). Henta 23. februar 2021.
- ↑ Morken, Celina (17. februar 2021). ««TIX» ut mot musikkanmelder: – Åpenbar mobbing». TV 2 (på norsk). Henta 23. februar 2021.
- ↑ Lene Alexandra Øien (22. februar 2021). «Musikkanmeldere har sjelden samme smak som folk flest. Det har jeg selv fått kjenne på.». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 23. februar 2021.
- ↑ Linn Rossiné Simensen (23. februar 2021). «Unødvendig hets mot Tix». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 23. februar 2021.
- ↑ Grønneberg, Anders (20. februar 2021). «Det går mot et blødende magesår». dagbladet.no (på norsk). Henta 23. februar 2021.
- ↑ Hauger, Knut Kristian. «Dagbladet-anmelder slaktet Tix: - Må bare ta kontakt med fastlegen min og si at det kommer en snarlig innleggelse». kampanje.com (på norsk bokmål). Henta 23. februar 2021.
- ↑ Tjoflot, Eirin (23. februar 2021). «No skal Anders Grønneberg eta Tix sitt panneband». NRK. Henta 23. februar 2021.
- ↑ Tjoflot, Eirin (23. februar 2021). «Sjå Anders Grønneberg ete Tix sitt panneband». NRK. Henta 23. februar 2021.
- ↑ Johansen, Martine (23. februar 2021). «– Tror du trenger tilsnakk». dagbladet.no (på norsk). Henta 23. februar 2021.
- ↑ «TIX films live-on-tape Eurovision back-up performance...as NRK confirms he'll sing in English». wiwibloggs (på engelsk). 22. februar 2021. Henta 23. februar 2021.
- ↑ «Tix spilte inn mulig Eurovision-opptreden». www.bt.no (på norsk bokmål). Henta 23. februar 2021.
- ↑ 56,0 56,1 Jerijervi, Dag Robert. «1,1 millioner har sett MGP-finalen: - En fest folk har trengt». kampanje.com (på norsk bokmål). Henta 22. februar 2021.
- ↑ «TVOV Seertall – NRK uke 2, 2021». www.tnslistene.no. Arkivert frå originalen 17. januar 2023. Henta 19. januar 2023.
- ↑ Jerijervi, Dag Robert. «Seervekst for «Hver gang vi møtes» - topper TV 2-helgen». kampanje.com (på norsk bokmål). Henta 25. januar 2021.
- ↑ «TVOV Seertall – NRK uke 3, 2021». www.tnslistene.no. Arkivert frå originalen 17. januar 2023. Henta 19. januar 2023.
- ↑ James Washak (4. februar 2021). «Norway: 668,000 Viewers For Melodi Grand Prix 2021 Semi-Final Three». eurovoix.com. Henta 6. februar 2021.
- ↑ «TVOV Seertall – NRK uke 4, 2021». www.tnslistene.no. Arkivert frå originalen 17. januar 2023. Henta 19. januar 2023.
- ↑ «TVOV Seertall – NRK uke 5, 2021». www.tnslistene.no. Arkivert frå originalen 17. januar 2023. Henta 19. januar 2023.
- ↑ «TVOV Seertall – NRK uke 6, 2021». www.tnslistene.no. Kantar. Henta 24. januar 2023.
- ↑ Menéndez, Hugo Carabaña (2. februar 2022). «La 3ª semifinal del Melodi Grand Prix 2022 marca mínimo de audiencias de la edición». ESCplus España (på spansk). Arkivert frå originalen 2. februar 2022. Henta 7. februar 2022.
- ↑ «TVOV Seertall – NRK uke 7, 2021». www.tnslistene.no. Arkivert frå originalen 17. januar 2023. Henta 19. januar 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Melodi Grand Prix 2021» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mai 2024.