Stor-Elvdal kyrkje
Stor-Elvdal kyrkje også kjent som Stor-Elvdal kirke er ei åttekanta kyrkje frå 1821 i Stor-Elvdal kommune i Innlandet.
Stor-Elvdal kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Stor-Elvdal | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Sør-Østerdal | ||
Sokn | Stor-Elvdal | ||
Fellesråd | Stor-Elvdal | ||
Type | Åttekantkyrkje | ||
Arkitekt | Svend Aspås | ||
Teknikk | Tømra | ||
Innvigd | 1821 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 600 | ||
Stor-Elvdal kyrkje 61°31′26″N 11°02′54″E / 61.52388889°N 11.04833333°E | |||
Wikimedia Commons: Stor-Elvdal kirke |
Byggverket er i tømmer og har 600 plassar. Det er bygd i perioden 1809-1921 i empirestil.
Svend Aspås var arkitekt for bygget og leia sjølv byggearbeidet før han døydde. Kyrkja i Stor-Elvdal er i si hovudform ei sterkt forenkla utgåve av Røros kyrkje, eller helst Tynset kyrkje som førebilete, men med sentraltårn som Sør-Fron kyrkje.
Det er bygd i perioden 1809-1921 i empirestil og har barokkorgel. Stor-Elvdal kyrkje var truleg utgangspunkt for utforming av Tolga kyrkje teikna av Rasmus Svendsen Aspås. Far Svend Aspås leverte teikningar til Stor-Elvdal kyrkje i februar 1807 og fekk for det 9 riksdalar i honorar. Aspås var frå før kjend for arbeidet på Røros kyrkje og Vang kyrkje - begge desse store bygga var i mur. Aspås kom til Stor-Elvdal i juli 1807 og byrja byggearbeidet. Arbeidet stansa opp i 1812 på grunn av den vanskelege situasjonen i landet, og tok til att i 1819. På det meste var 18 mann i arbeid. I løpet av 1809 var tømringa med tak og tårn ferdig. I 1819 vart det sett inn glasvindauge, og det vart sett opp spir og detaljar i smijern. Innreidingsarbeidet vart i hovudsak utført i løpet av 1820. Klokkene kom opp i 1821 og kyrkja vart innvigd 21. september 1821 med prost Andreas Wulfsberg i spissen. Dørene gikk opphavleg innover slik det var vanleg, men etter brannen i Grue kyrkje i 1822 vart dørene snudd slik at dei slo utover. I 1829 vart kyrkja måla innvendig som siste trinn i byggearbeidet. Kostnadane ved bygget vart delt på gardbrukarane som betalte i tømmer eller kontante pengar. I tillegg til frie materialar og pliktarbeid, kosta bygget 2674 specidaler i direkte utlegg.[1] Kyrkja er utforma som ein litt langstrakt åttekant med tilbygg for sakristi og våpenhus på kortveggene.[2]
Kjelder
endre- ↑ Fosvold, Anders (1936). Bygdebok for Stor-Elvdal. Bidrag til bygdens historie. Arbeidsnevnd.
- ↑ Pedersen, Svein Henrik: Kirkebygging i Søndre Trondhjems amts landdistrikter 1780-1851. En undersøkelse av lokal- og sentraladministrative forholds betydning for behandlingen av og holdningene i kirkebyggesaker. Hovedoppgave, 1992.
Bakgrunnsstoff
endre- «Stor-Elvdal kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Stor-Elvdal kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren