Tolga kyrkje

kyrke i Tolga i Innlandet

Tolga kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1840 i Tolga kommune i Innlandet.

Tolga kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Tolga
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Nord-Østerdal
Sokn Tolga
Fellesråd Tolga
Type åttekant
Arkitekt John Eriksen Berg (byggm.)
Teknikk lafteverk
Material tre
Innvigd 15. november 1840
Klokker 1725 og 1898 (O. Olsen & Søn)
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Preikestolaltar
Altartavle Kristoffer Guldbrandsen, 1870-åra
Orgel Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1974
Sitjeplassar 400
Kart
Tolga kyrkje
62°24′54″N 10°59′38″E / 62.415°N 10.99388889°E / 62.415; 10.99388889
Wikimedia Commons: Tolga kirke

Kyrkja har preikestolaltar og skal vere den siste kyrkja i landet som fekk det.[1]

Bygging

endre

Byggmester Runar Aspaas, son av Svend Aspås som bygde Røros kyrkje, teikna Tolga kyrkja. Byggmeister John E. Berg frå Dalsbygda stod for byggearbeidet. Til bygginga gav Røros kobberverk i 1838 gratis ta ut 50 tylfter godt tømmer på rot. Tømmeret skreiv seg frå vindfall etter kraftig vind. Berg hadde frist på fem år på få kyrkja ferdig, men ho var ferdig allereie i 1840.[1] Etter at Kobberverket hadde gjeve løyve om tømmer teikna Rasmus S. Aspås kyrkja. Stor-Elvdal kyrkje, oppført av faren Svend, var truleg utgangspunkt for kyrkja på Tolga.[2] Ifølge Vreim var teikningane til Rasmus Aspås «dilletantiske».[3]

På grunn av høg pris fekk ikkje Aspås oppdraget som byggmeister. Oppdraget gjekk i staden til John Berg. Bygginga tok til 31. mars 1840 etter at gamlekyrkja var fjerna. Veggane var tømra heilt opp 30. april, tårnet vart reist 29. mai og 13. juli var taket tett. Åtte tømrarar, to snikkarar og ein smed deltok fast i arbeidet, i tillegg møtte 24 mann dagleg til pliktarbeid. John E. Berg gjorde små endringar i dei opphavlege teikningane. Kyrkja vart innvigd 15. november 1840.[4] Med pliktarbeid og gratis tømmer fekk bygda kyrkje uten store utlegg.[3]

Tidlegare kyrkje

endre

Den førre kyrkja på staden vart oppført i 1688 i samband med at de i 1660-åra vart sett opp smeltehytte. Kyrkja var bygd i grovt tømmer, 18 alen lang og 12 alen breid. Ho hadde kor i tilbygg og tårn over inngangen. Materialar frå dette bygget vart brukt om att i kyrkja oppført i 1840. På byrjinga av 1800-talet var bygget nokså forfalle og restaurering ble vurdert. Rasmus Svendsen Aspås frå Røros var konsulent og han tilrådde nybygg. Folket i Tolga ønskte å utnytte vindfall i Kobberverkets skogar. Gamlekyrkje vart demontert 19-25. mars 1840. Bygningsdeler med flatskurd (treskjering) er teken vare på i Sætergaards samlingar. Spiret vart funne i ein potetåker på 1900-talet.[4]

Galleri

endre

Fotnotar

endre
  1. 1,0 1,1 Tolga kirke 100 år. Den siste norske kirke som blev bygget med «prekestolalter». Aftenposten morgen, onsdag 22. mai 1940, side 2
  2. Pedersen, Svein Henrik: Kirkebygging i Søndre Trondhjems amts landdistrikter 1780-1851. En undersøkelse av lokal- og sentraladministrative forholds betydning for behandlingen av og holdningene i kirkebyggesaker. Hovedoppgave, 1992.
  3. 3,0 3,1 Vreim, Halvor (1939). Norsk trearkitektur. Gyldendal. 
  4. 4,0 4,1 Nesset, Trygve (1990). Tolga kjerke 150 år. Tolga menighetsråd. ISBN 8299220106. 

Litteratur

endre

Bakgrunnsstoff

endre