Stor fantasi og fuge i g-moll, BWV 542
Stor fantasi og fuge i g-moll, BWV 542, er eit orgelpreludium og ein fuge av Johann Sebastian Bach. Verket har fått tilnamnet «Stor» for å skilje det frå den tidlegare Liten fuge i G-moll, som er kortare.
BWV 542 Fantasi og fuge av Johann Sebastian Bach | |
Sjanger | Orgel |
---|---|
Periode | Barokken |
Komponert | Før 1725 |
Publiseringsdato | 1833 i Leipzig |
Typisk lengd | 11:53 |
Satsar/akter | 2 |
Ein har funne bevis på at Bach komponerte og skreiv om Fantasi og fuge i g-moll for orgel, som ei prøvespeling for ein organiststilling i Hamburg i 1720. Bach fekk ikkje jobben, men verket har overlevd og generasjonar av organistar sidan har rekna det som eit av dei største orgelverka.[1]. Dei to delane av BWV 542 (fantasien, stundom kalla preludium, og fugen) trur ein er komponert kvar for seg. Fugen vart truleg komponert medan Bach var i Weimar (1708-1717) og fantasien då han var i Köthen (1717-1723, men om prøvespelingsteorien er rett, ikkje seinare enn 1720).
Det vart transkribert for piano av Franz Liszt som S.463.
KjelderEndra
- Delar av denne artikkelen bygger på «Great Fantasia and Fugue in G minor, BWV 542» frå Wikipedia på engelsk, den 23. april 2010.
ReferansarEndra
- ↑ Blair Johnston. «Fantasia and Fugue, for organ in G minor ("Great"), BWV 542 (BC J42, 57, 67)». Allmusic. Henta 23. april 2010.
BakgrunnsstoffEndra
- Stor fantasi og Fuge in G-moll: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.