Storkenebbslekta
planteslekt
Storkenebbslekta (Geranium) er ei slekt i storkenebbfamilien. Ho inneheld 422 artar og veks i alle tempererte delar av verda, men er særleg vanleg i dei austre middelhavslanda. I Noreg veks fjorten artar.
Storkenebbslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Geraniales |
Familie: | Storkenebbfamilien Geraniaceae |
Slekt: | Storkenebbslekta Geranium L., 1753 |
Eit kjenneteikn for slekta er frukta som har gjeve opphav til namnet hennar (og heile storkenebbfamilien): Griffelen blir til ein lang, stiv søyle i frukta som kan minna om nebbet til ein stork. Andre kjenneteikn ved slekta er forgreina stenglar med djupt flika blad. Blomane har fem kronblad, begerblad og fruktblad. Det er to kretsar av pollenberarar og dermed ti pollenberarar. Dei fleste blomane har farge frå rosa til purpur, men ein finn også kvite blomar, særleg hjå skogstorkenebb.
Norske artar
endre- Blodstorkenebb (G. sanguineum)
- Rosestorkenebb (G. macrorrhizum)
- Skogstorkenebb (G. sylvaticum)
- Engstorkenebb (G. pratense)
- Askerstorkenebb (G. pyrenaicum)
- Stankstorkenebb (G. robertianum)
- Blankstorkenebb (G. lucidum)
- Bråtestorkenebb (G. bohemicum)
- Åkerstorkenebb (G. dissectum)
- Møllestorkenebb (G. carolinianum)
- Steinstorkenebb (G. columbinum)
- Hjulstorkenebb (G. rotundifolium)
- Lodnestorkenebb (G. molle)
- Småstorkenebb (G. pusillum)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Storkenebbslekta» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2010.