Storsalamander

amfibieart
Storsalamander
Storsalamander
Storsalamander
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av storsalamander
Utbreiinga av storsalamander
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Ryggradsdyr Vertebrata
Klasse: Amfibium Amphibia
Orden: Caudata
Familie: Salamandridae
Slekt: Triturus
Art: Storsalamander T. cristatus
Vitskapleg namn
Triturus cristatus

Storsalamander (Triturus cristatus) er ein svart eller mørk brun salamander med enkelte svarte flekker. Buken er gul eller oransje og svartflekka. Huda er kornet og ru (småvortet).

Storsalamanderen har hovudutbreiingsområde rundt Oslofjorden, men finst òg separat på Vestlandet og i Trøndelag.[2] Kroppsstorleiken varierer frå 10-15 cm, minst mot nordgrensa. Paringa er som regel i mai, men under enkelte tilhøve frå april til juni. Hoa legg 2-300 egg enkeltvis på gamle bladdelar eller vassplanter. Egga blir klekte etter to veker og metamorfoserar frå august til oktober. Storsalamander når kjønnsmogen alder etter 2-3 år, i nord etter 3-5 år. Overvintringa skjer frostfritt på land.

Vanlege habitat er dammar og våtmarker i kulturlandskapet, som gårdsdammar og vatningsdammar. Myrtjarn over ein viss pH er òg eit vanleg habitat. På grunn av den tynne huda til salamanderen, er den avhengig av fukt og flytter seg sjeldan langt frå dammen.

Denne sårbare amfibiearten har har lidd under seinare tids naturøydelegging, og er av denn grunn sett på som nær truga på Nasjonal raudliste.[1] Det er i hovudsak moderniseringa av jordbruket, med drenering av våtmarker og dammer, som har hatt størst påverknad på storsalamanderen. I tillegg er han svært sårbar for utsetting av fisk, då larvane lever pelagisk og svært iaugefallande for rovfisk.

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 Dervo B, Strøm BS og van der Kooij J (24. november 2021). «Amfibier og reptiler: Vurdering av storsalamander Triturus (Triturus) cristatus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022. 

KjelderEndra