Stankelbein
Stankelbein, feifot eller myhank (Tipulidae) er ei gruppe store og tynne insekt med lange bein og karakteristisk lang snute. Dei er dei største dyra i gruppa myggar og er utbreidd over store delar av verda. Ein reknar dei som ei av dei mest primitive familiane innanfor tovengene,[1], men stankelbeina er likevel med sine om lag 10 500[2] skildra artar mellom dei største og mest suksessfulle delgruppene. I Noreg er det kjend 93 artar.[3]
Stankelbein | |
Myrstankelbein eller Tipula paludosa | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Stankelbein | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Tovenger Diptera |
Infraorden: | Tipulomorpha |
Overfamilie: | Tipuloidea |
Familie: | Stankelbein Tipulidae Latreille, 1802 |
Dei eldste stankelbeina me kjenner til er frå baltisk rav frå eocen og oligocen, det vil seie om lag 40 millionar år gamle;[4] artane ein finn her liknar i stor grad på dei ein finn i dag og kan klassifiserast i fleire av dei same slektene. Ifølgje den leiande verdseksperten på gruppa, Pjotr Oosterbroek, er det sannsynleg at familien først oppstod i midten av Mesozoikum.[5]
Livssyklus og økologi
endreStankelbein er holometabole insekt som lever det meste av livet som larvar. For dei fleste artane i Noreg går livssyklusen over eitt år, med nokre få to- eller fleirårige fjellartar. Dei overvintrar stort sett i tredje eller fjerde av i alt fire larvestadium. Både egg- og puppestadiet tek mellom ei og to veker kvar, og dei vaksne dyra lever i få dagar før dei døyr.
Larvane finst i mange ulike økologiske nisjar, men dei lever alle av plantemateriale. Dei langt fleste artane lever i jord, ofte av røter, men det finst òg nokre få som lever i tørre eller rotnande lauvtre-stammar. Særleg på Vestlandskysten kan dei ha store skadeverknadar på eng, der dei et grasrøter. Det er òg kjend ein del artar som lever i mose, og nokre særs få frittlevande ferskvassartar.
For mange artar er derimot ikkje larvestadiet kjend enno.
Ytre kjenneteikn
endreStankelbein er store til mellomstore myggar med særs lange bein. I tillegg til vengemønster er dei viktigaste anatomiske trekka som er særeigne for stankelbeina dei forlenga ytste ledda på maxillepalpane; små ekstremitetar som sit på munndelane. Dei fleste stankelbein har dessutan ei lang snute framme på hovudet. Munndelane deira kan ikkje ta til seg anna næring enn reint flytande føde.
Som hjå andre tovenger er brystet sett saman av tre ledd, kor det mellomste er størst. Dette er òg det viktigaste, sidan det er her flygevengene sit. Tvers over har dei ei V-forma fure mellom skjelettplatene prescutum og scutum. Vengemønsteret er viktig i bestemming mange slekter og underslekter. Beina til stankelbeina er lange og brekk lett av. Nedst på skinnebeinleddet (tibia) sit det som regel tornar eller sporar; som regel eit på kvart av dei fremste beina og to på kvart av dei andre (1-2-2). Somme grupper har òg 1-1-2.
Bakkroppen består av åtte ledd med kvar sine tydelege rygg- og bukplater. Det siste, niande leddet er annleis bygd hjå hoer og hannar og ber først og fremst paringsorgana. Første kroppsledd er særs kort og andre kroppsledd er særs langt.
Systematikk og inndeling
endreStankelbein Tipulidae er den største gruppa i overfamilien Tipuloidea, som òg omfattar vintermyggar Trichoceridae, småstankelbein Limonidae, Pediciidae og Cylindrotomidae. Dei er myggar som vert kjenneteikna av å ha ei tversgåande V-forma fure i ryggen, pluss unike vengekarakterar.
Særeigne anatomiske trekk som er særskilde for stankelbeina omfattar mellom anna dei forlenga ytste maxillepalpledda og trekk i vengemønsteret. Til vanleg har dei òg 13 antenneledd mot dei andre artane i Tipuloidea som har 14 eller 16. Det enklaste kjenneteiknet som skil dei frå slektningane sine er likevel storleiken.
Innanfor Tipulidae er det særleg slekta Tipula som er stor og omfangsrik; berre i Noreg finst det 62 artar. Ein delar denne slekta difor ofte opp i underslekter.
Slekter og underfamiliar i Noreg
endreUnder følgjer ei liste over underfamiliar, med informasjon om kva slekter som finst i Noreg og med kor mange representantar. For Tipula, som er ei særs stor slekt, er det i tillegg ført opp norske underslekter. Lista følgjer Hofsvang 1986.
- Underfamilie Dolichopezinae
- Slekt Dolichopeza - 1 art
- Underfamilie Ctenophorinae
- Slekt Dictenidia - 1 art
- Slekt Tanyptera - 2 artar
- Slekt Ctenophora - 3 artar
- Slekt Phoroctenia - 1 europeisk art
- Underfamilie Tipulinae
- Slekt Prinocera - 4 artar
- Slekt Angarotipula - 1 art
- Slekt Tipula
- Underslekt (Tipula) - 2 artar
- Underslekt (Yamatipula) - 8 artar
- Underslekt (Acutipula) - 3 artar
- Underslekt (Schummelia) - 1 art
- Underslekt (Arctotipula) - 1 art
- Underslekt (Vestiplex) - 7 artar
- Underslekt (Lunatipula) - 11 artar
- Underslekt (Lindneria) - 1 art
- Underslekt (Savtchenkia) - 13 artar
- Underslekt (Mediotipula) - 1 art
- Underslekt (Beringotipula) - 1 art
- Underslekt (Dendrotipula) - 1 art
- Underslekt (Odonatisca) - 1 art
- Underslekt (Platytipula) - 2 artar
- Underslekt (Pterelachisus) - 10 artar
- Slekt Nigrotipula - 1 art
- Slekt Nephrotoma - 14 artar
Kjelder
endre- Hofsvang, Trond (1996), «Tipulidae - Stankelbein», i Aagard, Kåre & Dolmen, Dag, Limnofauna Norvegica - katalog over norsk ferskvannsfauna, Trondheim: Tapir Forlag, ISBN 82-519-1214-8
- Hofsvang, Trond (1986), «Stankelbein (Diptera, Tipulidae)», Norske Insekttabeller (PDF), Norsk Entomologisk Forening NHL, Ås. 84 s.[daud lenkje]
- ↑ Oosterbroek, Pjotr: Family Tipulidae
- ↑ Oosterbroek, Pjotr (2008): Catalogue of the Craneflies of the world
- ↑ Hofsvang, Trond (1992): A check list of Norwegian Tipulidae (Diptera). Fauna Norvegica Ser.B 39, s. 77-79
- ↑ Oosterbroek, Pjotr: Family Tipulidae
- ↑ Oosterbroek, Pjotr: Family Tipulidae