Storsteinnes kapell

Storsteinnes kapell er ei langkyrkje frå 1968Storsteinnes i Balsfjord kommune. Kyrkja er i tre og har 200 sitjeplassar. Ho vart vigsla av biskop Monrad Norderval 5. mai 1968.

Storsteinnes kapell
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Balsfjord
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Indre Troms
Sokn Balsfjord og Malangen
Fellesråd Balsfjord
Arkitekt Forsvarets distriktsingeniør
Material Tre
Innvigd 5. mai 1968
Kyrkjegard Ja
Sitjeplassar 200
Kart
Storsteinnes kapell
69°13′53″N 19°14′00″E / 69.2313°N 19.2334°E / 69.2313; 19.2334
Wikimedia Commons: Storsteinnes kapell

Arbeidet med å byggje kyrkje på Storsteinnes byrja opprettinga av ei kapellforeining i 1965, og allereie to år seinare, i 1967, vart teikningane til bygget godkjende. Kapellet vart teikna av Forsvarets distriktsingeniør for Nord-Norge, som òg teikna Heggelia kapell i Målselv på same tid. Dette gjer at dei to bygga er bortimot identiske.

Altar, altarring, preikestol og døypefont vart laga av folk på yrkesskulen i Tromsø. Vigslinga fann stad om lag tre år etter at kapellforeininga vart stifta. Biskop Nordenval, som vigsla kapellet, sa i sin tale at det måtte «ha skjedd et under at det har gått så fort med å reise dette kapellet.»[1]

I 1998 fekk kapellet altartavle og blyglasvindauge laga av Ulf Dreyer.

Kjelder endre

  • Alf Henry Rasmussen (1993). «Storsteinnes kapell, Storsteinnes». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 115. ISBN 82-75-27022-7. 
  • Ronny Trælvik og Lill-Karin Elvestad: Kirkene i Troms, bind II, Bok i Nord, Finnsnes, 2016. s. 200–205

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. Kirkene i Troms, s. 203