Strážovfjella

fjellkjede i Slovakia
(Omdirigert frå Strážovské vrchy)

Strážovfjella (slovakisk Strážovské vrchy) er ei fjellkjede nordvest i Slovakia, og ein del av Dei indre Vest-Karpatane og Fatra-Tatra-området. Dei ligg mellom byane Trenčín, Považská Bystrica, Rajec, Prievidza og Bánovce nad Bebravou, og grensar til Dei kvite Karpatane og elva Váh i nordvest og vest, Javorníky i nord, Malá Fatra i aust, elvane Vtáčnik og Nitra i sør og Váh Inovec i sørvest. Det høgaste fjellet er Strážov (1213 moh)

Strážovfjella i Slovakia
Manínska tiesňava (Manínkløfta) i Strážovfjella

Strážovfjella og Súľovfjella er verna som ein del av Strážovfjella landskapsvernområde sidan 1989. Súľovklippene i nordvest er eit naturreservat.

Det ligg mange varmekjelder i området og dette har ført til utviklinga av fleire kurstader i området, som Trenčianske Teplice eller Rajecké Teplice.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Strážovfjella

48°55′N 18°30′E / 48.917°N 18.500°E / 48.917; 18.500