Ragunda kommun

kommune i Jämtland len i Sverige

Ragunda kommun er ein kommune i Jämtlands län i Sverige. Kommunen grensar til tre andre kommunar i Jämtlands län. Desse er Strömsunds kommun i nord, Bräcke kommun i sør og Östersunds kommun i vest. Vidare grensar han til Sollefteå kommun i aust og Sundsvalls kommun i søraust, begge i Västernorrlands län. Administrasjonssenteret i kommunen er Hammarstrand.

Ragunda kommun
kommune
Hammarforsens Kraftverk.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Jämtlands län
Landskap Jämtland
Centralort Hammarstrand
Areal 2 650 km²
 - land 2 526 km²
 - vatn 124 km²
Folketal 5 681
Folketettleik 2 / km²
Ragunda Municipality in Jämtland County.png
Wikimedia Commons: Ragunda Municipality
Nettstad: www.ragunda.se

Landskapet er prega av kollar (av granitt og gneis) som fell bratt ned mot låglandet omkring. I låglandet er det mykje skog og myrmark. Indalsälven har fleire store fossar i løpet sitt gjennom kommunen, som Hammarforsen, som oppstod i 1796 då elva tok nytt far under vårflaumen og tømde den store Ragundasjön. Indalsälven og sideelva Ammerån har grave seg djupt ned og danna ravinar i sedimenta.

Kommunen har hatt ein jamn nedgang i folketalet sidan 1960-åra, og folkesetnaden er i gjennomsnitt eldre enn i landet som heilskap. Det er mykje kraftproduksjon i kommunen, og elles finn ein jord- og skogbruk, samt noko industri, til dømes treforedling.

Administrativ historikkEndra

Ved kommunereforma i 1952 vart Borgvattnet innlemma i Stuguns landskommun. Fors og Ragunda landskommunar vart ikkje påverka den gongen.

Neste kommunereform vart gjennomført i 1974, og då vart den noverande Ragunda kommun oppretta gjennom samanslåing av Fors, Stugun og gamle Ragunda.

KommunevåpenetEndra

Blasonering: På sølvfarga bakgrunn, eit blått tre ovanfor fire bølgjer i blått og sølv, samt to raude lynglimt som er vende oppover og går i kross bak treet.[1]

Dette våpenet vart fastsett for Fors landskommun i 1958. Ved samanslåinga vart Ragunda valt som namn, men Fors fekk bruke våpenet, og dette vart registrert for den nye kommunen hjå Patent- och registreringsverket.[2] Også Stuguns landskommun hadde eit vapen, frå 1947, men det vart gjort ugyldig.

TettstaderEndra

Det er fire tettstader i Ragunda kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Hammarstrand 1 061
2. Stugun 627
3. Västra Bispgården 523
4. Östra Bispgården 294

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. «I fält av silver en av vågskura bildad stam, fyra gånger vågskuredelad av blått och silver, samt däröver två framkommande, uppåtriktade röda blixtar i kors, överlagda med en blå tall».
  2. Svenska Heraldiska Föreningens vapendatabas.