Opna hovudmenyen

Strømmen kyrkje

kyrkje i Skedsmo i Akershus

Koordinatar: 59°57′9.5940″N 11°0′54.079″E

Strømmen kyrkje
kyrkje
Strømmen kirke-2.JPG
Strømmen kyrkje
Foto: Øyvind Holmstad
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Nedre Romerike
Sokn Strømmen
Fellesråd Skedsmo
Type Langkyrkje
Arkitekt Olav Olson
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd 22. mars 1929
Kyrkjegard Nei
Preikestol Trygve Dammen
Døypefont Dåpsalter med bilete laga av Rolf Klemetsrud
Altartavle Rolf Klemetsrud
Sitjeplassar 330
Diverse Anthon Rølvik har skore relieff med gamaltestamentlege scener på galleristolpane.
Wikimedia Commons: Strømmen kirke

Strømmen kyrkje er ei langkyrkje i nyromansk stil i Skedsmo kommune, Akershus fylke. Bygginga tok til i 1923, men kyrkja vart ikkje vigsla før i mars 1929. Det er ei langkyrkje i stein med kyrkjestove i ei eiga fløy, om lag som ei mindre kyrkje som er hekta på. Kyrkja hører til Nedre Romerike prosti.

Kyrkja er bygd i naturstein og har 330 plassar. Ho ligg nordvest for Strømmen sentrum på toppen av ein bakke med allé ned mot Sagdalen. Arkitekt for kyrkja var Olav Olson. Arbeidsgivaren hans, Strømmen Trævarefabrik, var ein sterk pådrivar for å få ført opp kyrkja. Dei ga tomta og eit større pengebeløp. Etter dei opphavlege planane skulle kyrkja ha vore bygd i tre, men dette vart seinare endra.

Nord for kyrkja står eit krigminnesmerke. Det er ikkje kyrkjegard på staden, men ved Stalsberghagen, mindre enn ein kilometer unna.

BakgrunnsstoffEndra

  Denne kyrkjeartikkelen som har med Akershus å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.