Strømtangen fyrstasjon
(Omdirigert frå Strømtangen fyr)
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Strømtangen fyrstasjon i Kragerø.
Strømtangen fyrstasjon er eit fyr som ligg ytst i skjergarden heilt sør i Fredrikstad kommune i Oslofjorden. Tidlegare høyrte fyret til Onsøy kommune. Fyret kom i drift 20. september 1859.
Fyret i 2008 | |||
Fylke | Østfold | ||
---|---|---|---|
Kommune | Fredrikstad | ||
Funksjon | Innseglingsfyr | ||
Oppretta | 1859 | ||
Koordinatar | 59°09.0627′N 10°49.7632′E / 59.1510450°N 10.8293867°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 8 | ||
Form | Lyktehus på søyle | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | Gruppe okkulterande - 8 sekund | ||
Lyshøgd | 14,6 moh. | ||
Lysvidde | 11,3 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten | ||
Automatisert | 1977 | ||
Avfolka | 1977 | ||
Strømtangen fyrstasjon 59°09′04″N 10°49′46″E / 59.151°N 10.8294°E | |||
Strømsund ligg mellom holmen som fyret står på og fastlandet. Sjølve fyrlykta står i dag på ei eiga søyle sør for fyrhuset. Det gamle lykthuset står i det sørastlege hjørnet av fyrhuset.
Det står ein heilautomatisk vêrstasjon frå Meteorologisk Institutt ved fyret.
Klima
endreJan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Temperatur (°C) | -3,0 | -3,0 | 0,5 | 4,0 | 10,0 | 14,5 | 16,0 | 15,0 | 12,0 | 7,5 | 3,0 | -0,5 | 6,3 |
Nedbør (mm) | 45 | 35 | 45 | 35 | 50 | 55 | 55 | 75 | 80 | 90 | 80 | 55 | 700 |
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket.
- «Strømtangen fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
- Strutens historie