Stripehovudstifthale

art av sporvefuglar

Stripehovudstifthale (Cranioleuca hellmayri) er ein fugl i omnfuglfamilien som er endemisk for Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta. Utanom dette området er det kjent eitt funn i Perijá, nordvestre Venezuela.

Stripehovudstifthale
Stripehovudstifthale
Stripehovudstifthale
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Stripehovudstifthale
Utbreiinga av Stripehovudstifthale
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Omnfuglar Furnariidae
Slekt: Cranioleuca
Art: Stripehovudstifthale C. hellmayri
Vitskapleg namn
Cranioleuca hellmayri

Skildring

endre

Stripehovudstifthalen er ein liten omnfugl med kroppslengd på rundt 14 centimeter og masse på ca. 15 gram. Han arvar typiske trekk i morfologi for slekta Cranioleuca; har relativt kortare hale enn somme andre stiftehaleslekter, og halen endar i ein dobbel tupp. Oversida er brun, der venger og hale er meir raudbrune enn ryggen. Undersida er lys gråbrun, strupen nær kvit.

Det karakteristiske for arten er hovudet som har kastanjeraud krone med gråsvarte striper. Han har ei smal, lang og nær kvit augebrynstripe.

Han lever helst i skog og gjenreist skog mellom 1520 og 3000 moh. Her beitar dei på leddyr frå midten av trekroner og opp mot toppen. Dei beitar gjerne parvis i fleirartsflokkar.

Reiret er fletta av gras og hengt opp i ei grein. Hekketida er i september til november.

Storleiken på populasjonen er rekna som stabil, men han er ikkje estimert. Arten er skildra som vanleg i utbreiingsområdet, og IUCN har kategorisert han som livskraftig, LC.[1]

Kjelder

endre
Referansar
  1. BirdLife International (2015)

Bakgrunnsstoff

endre

Bilete av stripehovudstifthale på flickr.com