Paul Van Haver (fødd 12. mars 1985 i Brussel), betre kjend som Stromae [stromaj], er ein franskspråkleg artist og låtskrivar av belgisk-rwandisk opphav. Han har utmerka seg både i hip-hop og elektronisk musikk. Stromae blei fyrst kjend med sangen «Alors on danse», som låg på fyrsteplass på hitlistene i fleire veker i ei rekkje land i Europa.

Stromae

Statsborgarskap Belgia
Fødd 12. mars 1985 (39 år)
Etterbeek
Yrke songar-låtskrivar, rappar, plateartist, musikkprodusent
Språk fransk
Far Lysandros
Nettstad http://www.stromae.com
Stromae på Commons

Biografi endre

Paul Van Haver vart fødd av rwandisk far og belgisk mor. I ein alder av elleve viste Paul Van Haver allereie interesse for musikk og gjekk på l'Académie Musicale de Jette, der han studerte musikkhistorie og lærte å spele trommer.

I 2000 opptredde han som rappar under artistnamnet Opmaestro, som han seinare endra til Stromae («Maestro»). Det var under dette aliaset van Haver blei kjend.

Som attenåring grunnla Stromae ei rapgruppe som heite Suspicion, saman med rapparen «Jedi» i Eichof. De produserte blant anna sangen og musikkvideoen «Faut que t'arrête le rap». Jedi bestemte seg for å forlate rapduoen litt seinare.

For å finansiere si private vidaregående utdanning, jobba van Haver deltid i turistnæringen, men hans prestasjonar på skulen var ikkje opp til standarden. Det var fyrst seinare, då han hadde byrja på l' Institut National de Radioélectricité et Cinématographie, at han gav ut sitt fyrste album, Juste un cerveau, un flow, un fond et un mic.

I 2008 signerte han ei 4-års platekontrakt med Because Music og Kilomaître. I 2009 jobba Paul som læregutt ved den musikalske radiostasjonen NRJ Brussel. Vincent Verbelen, Music Manager, blei imponert over talentet til Stromae då han høyrde hans fyrste singel «Alors on danse», og bestemte seg for å lufte låta på NRJ for fyrste gong. Responsen frå lyttarane var av ein ekstrem entusiasme. Salet steig raskt til nummer éin i Belgia i løpet av berre nokre få veker. Vertigo Records, ein etikett med Mercury Records Frankrike (Universal Music Group), signerte han for ein verdsomspennande lisensieringsavtale kort tid etter dette.

I mai 2010 hadde han nådd fyrsteplass på hitlistene i Hellas, Nederland, Tyskland, Austerrike, Sveits, Italia, Danmark, Belgia og Tsjekkia.

Diskografi endre

Studioalbum endre

EP-ar endre

  • Juste un cerveau, un flow, un fond et un mic… (2007)

Mixtapar endre

  • Freestyle Finest (2006)
  • Mixture Elecstro (2009)

Videoalbum endre

Bakgrunnsstoff endre