Strongbreen
isbre på Spitsbergen, Svalbard
77°30′N 17°30′E / 77.500°N 17.500°E Strongbreen er ein isbre på Spitsbergen på Svalbard. Breen har ein brei front mot Kvalvågen på vestsida av Storfjorden, på skiljet mellom Heer land og Torell land.
Breen har namn etter Frederick Ketelbey Strong (d. 1875), konsul i Aten for Hannover og Bavaria. Strong var ein venn av den tyske geografen August Petermann.
Kjelder
endre- The Place Names of Svalbard, Norsk polarinstitutt rapport 122 (2003) ISBN 82-7666-194-7