Fylkesveg 258

veg i Oppland og Sogn og Fjordane
(Omdirigert frå Riksveg 258)
Fylkesveg 258
258
Strekning
SkjåkStryn
Fylkesveg 258
Informasjon
Lengd 27,0 km
Status fylkesveg
nasjonal turistveg
Kvalitet Grusdekke
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 258
Restriksjonar
Vinterstenging Heile vegen
(oktober - juni)
Sjå òg Fylkesveg 258 (fleirtyding)

Fylkesveg 258 (Fv258) eller nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen går mellom Grotli i Skjåk og Ospeli bru i Stryn. Vegen stod ferdig i 1894. Vegen var opphavleg hovudfartsåra mellom Nord-Austlandet og Nordfjord, og vart opprettheldt etter at den nye Strynefjellsvegen vart opna i 1977 mellom Grotli og Ospeli bru.

Vegen fekk status som nasjonal turistveg i 1997.

Vegen forlet riksveg 15 ved Grotli og følgjer Mårådalen og Videdalen til Videseter der han etter 27 km møter riksveg 15 igjen ved Ospeli bru. Vegen er stengd om vinteren. Riksveg 258 er ein av dei få riksvegane som har fått halde grusdekket sidan han har verdi i forhold til Nasjonal verneplan for vegar og bruer. Dei andre er mellom anna riksveg 252 (Tyin–Eidsbugarden) og riksveg 886 (Bjørnstad–Jacobselv).

I området lever det villrein som ikkje bør forstyrrast, ein finn derfor lite informasjon eller rasteplasser på vegen.

Saman med den nye Strynefjellsvegen på riksveg 15 er riksveg 258 føreslått verna i Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne.[1]

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreformen trod i kraft har han status som fylkesveg.

Kommunar og knutepunkt endre

 
Strynefjell

  Oppland endre

Skjåk

  Sogn og Fjordane endre

Stryn

Referanse endre

  1. Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne Arkivert 2007-10-31 ved Wayback Machine. (sjå avsnitt om Strynefjellet vegmiljø)

Bakgrunnsstoff endre