Sugar Mountain
Sugar Mountain Song av Neil Young | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1968 | |
Innspelt | 10. november 1968 | |
Sjanger | Folk | |
Lengd | 5:41 | |
Selskap | Reprise Records | |
Komponist | Neil Young | |
Tekstforfattar | Neil Young | |
Låtskrivar(ar) | Neil Young |
---|
«Sugar Mountain» er ein song av den kanadiske folkrockartisten Neil Young. Young skreiv songen på 19. årsdagen sin i 1964 og teksten omhandlar ungdomen hans i Winnipeg.
Meininga i teksten
endre
You can't be twenty on Sugar Mountain
Neil Young (1964)
|
På albumet hennar You Can Close Your Eyes opna Joni Mitchell, som alt var ven med Neil Young då han skreiv denne songen, songen «Circle Game» med denne talen:
- Mitchell: «I 1965 var eg i Canada og det var ein ven av meg der som nettopp hadde forlate eit rock'n'roll-band (...) han hadde nettopp vorte 19 og det gjorde at han ikkje lenger kunne kome inn favorittilhaldsstaden sin, som var ein slags tenåringsklubb, og når du er over 18 så kjem du ikkje inn lenger. Så han følte seg frykteleg fordi jentevene hans og alle han ville vere med, bandet hans kunne framleis dra dit, skjønar du, men ein av dei tinga som dreiv han til å verte ein visesongar var at han ikkje kunne spele på denne klubben lenger. Men han var for gamal. Så han skreiv denne songen som heiter «Oh to live on sugar mountain», som var ein sørgjesong for den tapte ungdomen hans. Han skreiv han på 19. årsdagen sin (...) og eg tenkte, Gud, du veit, om du blir 19 og det ikkje er noko etter det, så er det ei ganske naken framtid, så eg skreiv denne songen for han og for meg sjølv, for å gje meg litt håp. Han heiter The Circle Game.»[1]
Utgjeving
endreYoung spelte songen inn først gong den 10. november 1968, som ein del av ein konsert på Canterbury House i Ann Arbor. Denne innspelinga vart gjeven ut som B-side til singelen «The Loner» i 1969 (og igjen som B-side til «Cinnamon Girl» året etter), men vart ikkje gjeven ut på eit album før samlinga Decade kom ut i 1977. Konserten på Canterbury House vart gjeven ut som Sugar Mountain - Live at Canterbury House 1968 i november 2008.
Ei akustisk utgåve av songen finst òg på albumet Live Rust frå 1979.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sugar Mountain (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: