Cinnamon Girl
Cinnamon Girl Singel av Neil Young & Crazy Horse frå albumet Everybody Knows This is Nowhere | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. april 1970 | |
Innspelt | januar & mars, 1969 i Wally Heider Recording, Hollywood i California | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 2:58 | |
Selskap | Reprise | |
Komponist | Neil Young | |
Tekstforfattar | Neil Young | |
Låtskrivar(ar) | Neil Young | |
Produsent | Neil Young David Briggs | |
Neil Young & Crazy Horse-kronologi | ||
- | Cinnamon Girl | «Only Love Can Break Your Heart» (1970)
|
«Cinnamon Girl» er ein song av Neil Young. Han vart gjeven ut i 1969 på albumet Everybody Knows This is Nowhere, som òg var det første albumet med backingbandet Crazy Horse. Singelen nådde 55. plass på den amerikanske singellista i 1970.
Denne songen syner meir enn noko anna den viktige rolla Danny Whitten spelte i stilen til dei tidlege innspelingane til Neil Young. Han var rytmegitarist i Crazy Horse som syng høg harmonivokal, medan Young syng den låge harmonivokalen.
I wanna live with a cinnamon girl
Neil Young (1969)
|
Songen er skriven i dobbeldroppa D-stemming (DADGBD). Denne stemminga er nytta i fleire av dei mest kjende songane «Cortez the Killer», «Fuckin' Up», «The Loner», «Ohio», «Inca Queen», «The Old Laughing Lady», «Ride My Llama», «When You Dance I Can Really Love».
Andre utgåver
endreSongen er spelt av mange andre artistar:
- Killdozer på albumet Snake Boy
- The Gentrys i 1970
- Type O Negative, på albumet October Rust i 1996
- John Entwistle, på solodebuten Smash Your Head Against the Wall
- The Sisters Euclid, på hyllestalbumet Run Neil Run
- Boyd Tinsley, på True Reflections
- Matthew Sweet og Susanna Hoffs, på albumet Under the Covers, Vol. 1 i 2006
- Bernard Fowler på albumet Friends With Privileges
- Hawksley Workman på DVDen Live in Lille
- Radiohead på turneen deira Amnesiac i 2001
- Dream Syndicate
- Replicants i 1996
- Bob Mould i 1989 på Workbook-turneen
- Motörhead på samlinga All The Aces
- Tim Christensen i 2009
- Hole nytta hovudriffet på «Starbelly» på albumet Pretty On The Inside
- Mudhoney nytta gitarriffet som intro på «Broken Hands» på Every Good Boy Deserves Fudge
- Los Loboar i 2007
- Paul Kelly, spelte han live i RockWhiz.
- The Smashing Pumpkins tidleg i karrieren
- Philip Sayce på albumet Peace Machine.
- Kevin Hewick i 1990-åra
- ApologetiX i 2010 på Soundproof.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cinnamon Girl (Neil Young song)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Planer, Lindsay (2008). "'Cinnamon Girl' på AllMusic.