Godteri

(Omdirigert frå Sukkertøy)

Godteri, godter, godsaker, knask, snop, slikkeri eller søtsaker er små matbitar som er laga for å smaka godt. Dei innehald typisk mykje sukker.[1] Andre vanlege ingrediensar i godteri er sjokolade, nøtter, lakris og gelatin. Godteri har gjerne søt smak, men nokre kan også vera svært sure, medan andre kan vera meir salte eller bitre.[2]

Godterihaugar på ein marknad i Damaskus.
Fargerikt godteri med frukt- og salmiakksmakar.

Godteri toler typisk å oppbevarast over lang tid. Den viktigaste eigenskapen til matvarene er at dei smakar godt, ikkje at dei er sunne eller tilfører næring. Mange inneheld tilsetjingsstoff som tilfører smak, farge og/eller konsistens eller gjev betre haldbarheit.[1]

I vidare tyding kan godteri-omgrepet også visa til tillaga nøtter, potetgull, popkorn, iskrem, kjeks og småkaker.[1]

Historie endre

Små søtsaker av sukker byrja lagast og seljast i større mengder på 1800-talet, då råvara sukker blei billegare.[2] Mange av dei kunne ha form som andre ting, som hestar, klede, dampmaskinar, piper og sigarar. Nokre hadde uvanlege eigenskapar når ein åt dei, som sterk syrlegheit, brusing i munnen, seigleik eller fargebytte.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Egeland, Einar Skarstad (2. oktober 2023). «godteri». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. 2,0 2,1 2,2 Mason, Laura (2006). «sweets» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-280681-9. doi:10.1093/acref/9780192806819.001.0001/acref-9780192806819-e-2409. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Godteri