Suleimania

(Omdirigert frå Sulaymaniyah)

Sulaymaniyah (kurdisk سلێمانی, Silêmanî; arabisk السليمانية, as-Sulaymāniyyah), òg skrive Sulaimani eller Slemani, er ein by i Irakisk Kurdistan. Sulaymaniyah ligg mellom Azmerfjella, Goyijafjella og Qaianfjella i nordaust, Baranan i sør og Taslujaåsane i vest. Byen har eit halvtørt klima med særs varme, tørre somrar og kjølige, våte vintrar. Sulaymaniyah var den første hovudstaden i det historiske kurdiske fyrstedømet Baban frå 1784 til 1850.

Sulaymaniyah
kurdisk سلێمانیSlêmanî, arabisk السليمانية
by
Sulaymaniyah
Land  Irak
Autonom region  Kurdistan
Guvernement Sulaymaniyah guvernement
Del av Kurdistan i Irak
Høgd 882 moh.
Folketal 963 390  (2016)[1]
Tidssone UTC+3
Kart
Suleimania
35°33′00″N 45°26′00″E / 35.55°N 45.433333333333°E / 35.55; 45.433333333333
Wikimedia Commons: Sulaymaniyah
Nettstad: http://www.sharawani.com

Den moderne byen Sulaymaniyah vart grunnlagd 14. november 1784 av den kurdiske fyrsten Ibrahim Pasha Baban som kalla han opp etter faren Sulaiman Pasha.[2]

Suleimania er eit viktig kulturelt senter for kurdarar i Irak og Iran som snakkar sorani, den sørlege varianten av kurdisk. Sorani har her vorte utvikla som skriftspråk frå tidleg på 1800-talet.

Mange kurdiske forfattarar og kunstnarar har halde til i byen. Bahá'u'lláh, grunnleggjaren av den religiøse Bahai-samfunnet, budde her i åra 1854 -56.

Studentar ved Universitetet i Suleimania november 2005

Suleimania har fleire TV- og radiostasjonar og mange aviser. Det første kurdiske universitetet vart grunnlagd i Suleimania i 1970.

Suleimania er eit viktig økonomisk senter i irakisk Kurdistan, med sterke økonomiske band til det nærliggande iranske Kurdistan.

I 1991 føregjekk det harde kampar i Suleimania mellom kurdiske peshmergaer og irakisk tryggleikspoliti, som enda med at heile den irakiske garnisonen vart drepen. Hovudkvarteret til tryggleiksstyrkane som hadde vore brukt til omfattande tortur, er i dag til dels gjort om til museum og dels til park med restaurantar og andre fritidstilbod.

Byen har sidan vore under kurdisk administrasjon. I perioden frå 1995 til 2006, då Sør-Kurdistan var delt i to parallelle administrative einingar, var Suleimania hovudstad for Administrasjonen til puk.

Suleimania er i dag sentrum for ein hektisk økonomisk aktivitet, med stor anleggsverksemd. Det er òg ein blomstrande turistindustri, som tiltrekkjer seg gjester såvel frå andre delar av Irak og Midtausten, som følgje av den vene naturen i byen og den politiske stabiliteten som pregar Sør-Kurdistan.

Klima endre

Köppen-Geiger si klimaklassifisering klassifiserer klimaet her som varmt middelhavsklima (Csa).[3]

Vêrdata for Sulaymaniyah
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 7,8 10,3 15,5 20,8 28,4 35 38,8 38,8 34,7 28,2 18,7 11,1 24
Døgnmiddeltemperatur °C 3,8 5,6 10,4 15,2 21,4 27,6 31,3 31,4 27,2 21,1 13,7 6,7 17,9
Gjennomsnittleg min °C −0,2 1 5,3 9,7 14,5 20,3 23,9 24,1 19,7 14,1 7,6 2,3 11,9
Gjennomsnittleg nedbør mm 129 146 132 100 41 0 0 0 0 13 74 110 745
Kjelde: Climate-Data.org (altitude: 849m)[3]


Kjelder endre