Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme
Indoiranske religionar
parsisme - hinduisme
djainisme - buddhisme
sikhisme - bahá’í
Denne artikkelen er
del av serien om

Bahá’í
Sentrale personar
Báb - Bahá'u'lláh
Abdu'l-Bahá - Shoghi Effendi
Skrifter
Kitáb-i-Aqdas
Kitáb-i-Iqan
Livsførsel
kalender
fastemånaden
dagleg bøn
huqu'u'llah (religiøs skatt)
syn på rusmiddel
paktsbrytarar (bannlyste)
ekteskap - gravferd
Heilage stader
Qiblih
Haifa - Shiraz - Bagdad
gudshus
Andre retningar
babisme - ortodoksi

Bahai-trua* er den yngste av dei monoteistiske verdsreligionane. Han har totalt over seks millionar tilhengarar på alle kontinenta. Religionen er den nest mest geografisk spreidde etter kristendommen. Grunnleggjaren Bahá'u'lláh* (1817-1892) understrekar «einskapen åt menneskja, slår fast at dei store religionane er som kapitel i éi bok og formulerer visjonen av ein ny verdsorden grunna på andelege prinsipp».

Verdssentret for Bahá’í i Haifa i Israel.

Bakgrunn endre

I Iran i år 1844 forkynte Báb* (1819-1850) at han var forløparen til den lova i alle religionar. Bábs følgjesveinar vart kalla bábíar. Bahá'u'lláh vart raskt ein av Bábs leiande forkynnarar, og i 1863 i Bagdad grunnla han bahá'í-religionen. Etter Bahá'u'lláhs forvising og bortgang i Det heilage landet i 1892 fortsette sonen hans `Abdu'l-Bahá* (1844-1921) utbreiinga av trua. `Abdu'l-Bahás barnebarn Shoghi Effendi (1897-1957) vart utpeikt til bahá'í-trua sin beskyttar. Under hans inspirerte leiing voks trua globalt. I dag blir det internasjonale bahá'í-samfunnet leia av det demokratisk valde Universelle Rettferdas Hus, med sete på Karmelfjellet i byen Haifa i det nordlege Israel.

Sosiale prinsipp endre

Dei sentrale prinsippa er Guds einskap, ei skapande kraft, Gud, som gjer seg kjent for menneska via Guds bodberarar (eller profetar). Uavhengig leiting etter sanninga vert kravd og ein må fri seg frå fordommar og overtru. Bahá'u'lláh meiner at religion og vitskap må vera i harmoni. Religion må danne grunnlaget for einskap og kjærleik. Like rettar for kvinner og menn trengst for denne tidsalderen. Eit internasjonalt hjelpespråk bør utviklast og grunnleggjande utdanning for alle er nødvendig for auka forståing og betre kommunikasjon mellom landa. Det krevst òg ei rettvis fordeling av jordas ressursar. Bahá'u'lláh peikar òg på at globale føderale institusjonar for å sikre verdsfreden må opprettast. Ein felles valuta med felles mynteining blir føreslege — med mål om å forenkle økonomiske transaksjonar og foreine verdas nasjonar.

Heilag bok endre

Bahá'íanes heilagaste bok og hovudverk er Kitáb-i-Aqdas skriven av Bahá'u'lláh sjølv i 1873. Boka består av 190 vers og utdjupande kommentarar. Innhaldet spenner frå lover, formaningar, profeti, levereglar og arverett til organisering av eit framtidig verdssamfunn. Ho vart omsett til engelsk i 1992. Andre hovudbøker er Kitáb-i-Iqan (Vissheitas bok) og Dei skjulte ord.

Ein ny kalender endre

Báb etablerte den nye tidsalderen med ein ny kalender med året delt inn i 19 månader à 19 dagar. Kvar månad har eit av Guds namn. Året har 9 heilagdagar. I tillegg er det fire/fem skotårsdagar. Nyår blir feira når sola går inn i stjernebildet Vêren. Dette skjer enten 20., 21. eller 22. mars.

Ritual endre

Nokre få og enkle ritual finst:

  • Eit kort ekteskapsvers blir lese
  • Nokre få gravleggingsregler finst
  • Bahá'íar skal:
    • lesa obligatoriske bønner kvar dag og vende seg mot Qiblih (tilbedingspunktet)
    • lesa dei heilage skriftene morgon og kveld
    • reise på valfart ein gong i livet så sant dette lèt seg gjera
    • undervise i Bahá'u'lláhs tru
    • støtte Bahá'í-saka praktisk og økonomisk

(*) Skrivemåte og tyding endre

  • Bahá'u'lláh (بهاءالله på arabisk) betyr Guds Herlegdom
  • Báb (باب på arabisk) betyr Porten
  • Bahá'í (Arab.) betyr den som følgjer lyset
  • `Abdu'l-Bahá (Arab.) betyr Bahás tenar

Bakgrunnsstoff endre

Alminneleg bahai endre

Ortodoks bahai endre